Oppgåve
Vurder den universelle utforminga på skulen
Korleis er den universelle utforminga gjennomført i den bygningen skulen din held til i? I denne oppgåva skal du registrere kva som allereie er på plass, og kva som manglar for at skulen din skal vere brukarvennleg for alle.

Universell utforming – til nytte for alle
Visste du at sugerøyr med knekk er laga for å gjere det lettare for personar med funksjonsnedsetjing? Det same gjeld fjernkontrollar til tv. Og har handvaskane på skulen din eittgrepsbatteri? Eittgrepsbatteri for å justere varmen på vatnet var i utgangspunktet ei nødvendig tilrettelegging for nokre få, men har no blitt noko vi alle har glede av.
Funksjonsnedsetjingar som krev spesiell tilrettelegging, kan vere sansetap, som dårlegare syn og høyrsel, nedsett rørsleevne, til dømes lamming, eller kognitive utfordringar. Funksjonsnedsetjingar kan gjelde oss alle, i ulike situasjonar og i ulike fasar av livet.
Sjekk UU-løysningar på skulen
- Set opp ei liste over ulike former for funksjonsnedsetjingar. Det kan vere både midlertidige og varige funksjonsnedsetjingar.
- Ta utgangspunkt i ei bestemd funksjonsnedsetjing. Gå rundt på skulen din og vurder i kva grad det fysiske miljøet er utforma for denne funksjonsnedsetjinga. Merk deg at val av fargar, merking og skilting i bygg er rekna som universell utforming. Slike løysningar blir utarbeidde av grafisk designarar.
Sjekkliste for moglege løysingar på universell utforming:
- Er alle trinna i trappene markerte?
- Angir heisen kva etasje du er i, i tekst og tale?
- Er glasfelt og søyler markerte?
- Er nødvendig informasjon for orientering gitt, og er kommunikasjonsvegar skilta?
- Er skilt lette å lese og forstå?
- Er skilta taktile? (Kan ein med andre ord få informasjon ved å røre ved dei?)
- Finst det andre løysingar eller hindringar?
