Fargesymbolikk - Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Fargesymbolikk

Fargar er kulturelt og sosialt betinga. Dei har ikkje nødvendigvis same tyding i ulike land og kulturar. I vår kultur er for eksempel raud julefargen og gul påskefargen. Kvitt blir brukt til bryllup og svart til gravferd. Dette er innlærte reglar, slike vi kallar konvensjonar.

Fargar kan også knytast til politikk, for eksempel står blå for konservativ og raud for radikal. Sidan det er knytt ein god del tydingar til fargar, er dei effektive til å formidle bodskapar om dei blir brukte rett. Fargane kan symbolisere både noko positivt og noko negativt, og her er nokre vanlege tydingar:

Raud

Positiv: kjærleik, kraft, energi, mot og vilje

Negativ: krig og revolusjon, raseri og aggresjon

Oransje

Positiv: glede, livsglede, aktivitet, vennskap

Negativ: uro

Gul

Positiv: sol, lys, varme, glede, energi

Negativ: misunning, bitterheit, truløyse, hat

Rosa

Positiv: ro, femininitet, kjærleik

Negativ: ---

Lilla/fiolett

Positiv: mystikk, ettertanke, angst, oppgjer, spiritualitet, høgtid

Negativ: frustrasjon og uro

Purpur

Positiv: makt, ære, prakt, kongelegheit

Negativ: ---

Blå

Positiv: trufastheit, sannheit, håp og tru, fred, harmoni, æve

Negativ: einsemd, mismot, tungsinn

Grøn

Positiv: vokster, livskraft, framgang, håp, harmoni, omsorg

Negativ: løgn

Brun

Positiv: fruktbarheit, livskraft, tryggleik, stabilitet

Negativ: forråtning, undergang, død

Svart

Positiv: stil, eleganse

Negativ: sorg, liding og død, mørker og tomheit

Kvit

Positiv: reinleik og uskyld, fred

Negativ: sårbarheit

Gull

Positiv: guddommelegheit, herlegdom, makt, ære

Negativ: ---

Sølv

Positiv: reinleik og uskyld

Negativ: ---

Skrive av Kari Roksvaag Rønning.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017