Fagstoff
Video
Eksperimentering i design
Korleis får vi ein tannbørste, ein motor eller eit kundeønske til å treffe målet? Industridesignaren Bård Eker forklarer kvifor eksperimentering er ein viktig del av designprosessen.
Video: Kolbjørn Hoseth Larssen / CC BY-NC-SA 4.0
Utprøving er ein viktig del av designprosessen
Viss du skal utvikle eit nytt produkt, skal det ikkje berre sjå bra ut. Det må fungere slik at det dekkjer behovet til kunden. Ein tannbørste må ha eit godt handtak og reingjere tennene, ein motor skal fungere teknisk og så vidare. For å få dette til bør du teste ut ulike løysingar og gjere nokre erfaringar undervegs.
Nokre gongar vil eksperimenteringa vise kva for idéar du ikkje bør gå vidare med. Utprøvinga er likevel ikkje bortkasta. Du tar med deg verdifull erfaring som kan hjelpe deg med å finne andre løysingar.
Relatert innhald
Industridesignaren Bård Eker
Bård Eker er industridesignar og gründer. Han har bygt opp eit design- og utviklingsmiljø der dei jobbar med heile prosessen frå idé til ferdig produkt.