Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Dokumentasjon med bruk av bilete og film

I denne oppgåva skal du dokumentere eigen arbeidsprosess og produksjon av eit produkt ved bruk av digitale verkty. Du skal ta i bruk video og bilete i dokumentasjonsarbeidet og lage ein kort film.

Oppgåve

Dokumenter ei oppgåve du jobbar med i programfag. Du skal vise fram ein god arbeidsprosess og presentere eit ferdig produkt.

  1. Dokumenter prosessen ved bruk av film og bilete. Det er viktig å tenke heilskap og kvalitet på bilete og film, i tillegg til at du legg vekt på komposisjon, form og farge.
  2. Rediger bileta:
    • Skjer til bileta, juster farge og liknande.
    • Eigna program du kan bruke, er Photoshop, Picasa, Paint.net, GIMP eller liknande.
  3. Rediger filmane:
    • Klipp til, ta vekk lyd og liknande.
    • Eigna program du kan bruke, er Movie Maker / iMovie eller liknande.
  4. Sett inn bileta saman med filmen du har redigert. Det er viktig å tenke rekkefølge – at innhaldet har ein logisk progresjon og struktur. Du bør ha eit bilete i starten av filmen som seier noko om kva oppgåve du har dokumentert, og du kan godt ha nokre overskrifter/kommentarar undervegs. (Dette kan godt vere knytt til fagord innan form, materiale, fargeval osv.)
  5. Legg til lyd og andre verkemiddel for å få ein god film.
  6. Vis filmen for klassen og snakk om kva for digitale verktøy de har brukt, og om vala du har teke i redigeringa og bruken av verkemiddel i filmen.

Innlevering og vurdering av:

  • Ferdig film

Relatert innhald

Dokumentasjon

Dokumentasjon handlar om å beskrive kva du har gjort, og kva du planlegg. Det er viktig å dokumentere og kvalitetssikre eigen produksjon og kompetanse.

Skrive av Iselin Myklebust.
Sist oppdatert 19.05.2026