Vurder den universelle utforminga - Produktutvikling og produksjon (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Vurder den universelle utforminga

Korleis er den universelle utforminga gjennomført i den bygninga skulen din held til i? I denne oppgåva skal du registrere kva som allereie er på plass, og kva som manglar for at skulen din skal vere brukarvennleg for alle.

Visste du at sugerøyr med knekk er laga for å gjere det lettare for personar med funksjonsnedsetjing? Det same gjeld fjernkontroll til TV. Og har handvaskane på skulen din eittgrepsbatteri? Eittgrepsbatteri for å justere varmen på vatnet var i utgangspunktet ei naudsynt tilrettelegging for nokre få, men har no blitt noko vi alle har glede av.

Funksjonsnedsetjingar som krev spesiell tilrettelegging, kan vere sansetap, som dårlegare syn og høyrsel, nedsett rørsleevne, for eksempel lamming, eller kognitive utfordringar. Funksjonsnedsetjingar kan gjelde oss alle, i ulike situasjonar og i ulike fasar av livet.

Sjå YouTube-snuttar som illustrerer Utfordringar med universell utforming i kvardagen og gjer oppgåva etterpå.

Oppgåve

  1. Set opp ei liste over ulike former for funksjonsnedsetjingar hos menneske, anten det er ei mellombels eller ei varig funksjonsnedsetjing.

  2. Ta utgangspunkt i ei bestemt funksjonsnedsetjing. Gå rundt på skulen din og vurder i kva grad det fysiske miljøet er utforma for denne funksjonsnedsetjinga. Merk deg at val av fargar, merking og skilting i bygg er rekna som universell utforming. Slike løysingar blir utarbeidde av grafisk bransje.

Sjekkliste for moglege løysingar på universell utforming:

  • Er alle steg i felles trapp markerte?
  • Opplyser heisen om etasje i tekst og tale?
  • Er glasfelt og søyler markerte?
  • Er naudsynleg informasjon for orientering gitt eller skilta i kommunikasjonsveg?
  • Er skilt lette å lese og forstå?
  • Er skilt taktile, dvs. at dei er meint for berøring?
  • Andre løysingar eller hindringar?
Skrive av Johannes Leiknes Nag og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017