Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Vernerunde på skulen

I denne oppgåva skal de jobbe i grupper for å lære kva eit verneombod gjer, og kvifor vernarunder er viktige. De skal kartlegge lokala på skulen, finne eventuelle avvik og foreslå forbetringstiltak for eit tryggare arbeidsmiljø.

Oppgåve

De treng

  • digital eining (pc/nettbrett/mobil) for skjemautfylling, biletdokumentasjon og notat

  • tilgang til internkontrollforskrifta og arbeidsmiljølova (Lovdata)

  • verneutstyr dersom bygget krev det (til dømes verkstad)

Del 1: Møte med verneombodet

  • Inviter skulen sitt verneombod (eller hovudverneombod) til klassen.

  • På førehand lagar kvar gruppe 2–3 spørsmål om korleis skulen jobbar systematisk med HMS, avvikshandtering og vernarunder.

  • Gjennomfør eit kort intervju med verneombodet. Ta notat.

Del 2: Planlegging av vernerunden

  • Kvar gruppe vel kvart sitt område på skulen (til dømes ein verkstad, utstyrslager, gymsal/garderobe, kantine, driftsbygning eller ei klasseromsfløy).

  • Kartlegg det valde området:

    • Kva for yrkesgrupper og elevar bruker dette området?

    • Kva for arbeids- og læringsaktivitar blir utførte her?

    • Kva for risikofaktorar finst her? (fysiske, kjemiske, ergonomiske, psykososiale, branntekniske med meir)

    • Kva for verneutstyr og sikkerheitsutstyr skal vere tilgjengeleg og i orden? (til dømes augeskyll, førstehjelpsskrin, brannsløkkar, nødtopp, avsug)

    • Lag ei sjekkliste som passar til området de skal undersøke. For kvart punkt bør det vere plass til ei kort beskriving, bilete og forslag til tiltak. Sjekklista må òg ha eigne felt for å krysse av for status (ok / bør utbetrast / kritisk mangel).

Del 3: Gjennomføring og rapport

Gjennomfør vernerunden

Gå runden i det valde området. Fyll ut sjekklista undervegs. Ta bilete av både gode døme og eventuelle avvik/manglar. (Hugs personvern – unngå å få med ansikt på bilete.)

Skriv ein rapport frå vernerunden

Oppsummer funna i ein rapport, der de tek med

  • ei beskriving av området og aktiviteten der

  • ei oversikt over funn/avvik med bilete

  • forslag til tiltak

    • kva som må gjerast, kven som bør gjere det, og kor raskt det bør fiksast

Del 4: Oppsummering og deling

  • Legg fram rapporten for klassen.

  • Samanlikn funna og diskuter: Kva var dei vanlegaste manglane, og korleis kan skulen førebygge desse?

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 02.11.2026