Undersøk skulen som arbeidsplass - Produktutvikling og produksjon (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Undersøk skulen som arbeidsplass

Når du går på skule, er skulen arbeidsplassen din. I denne oppgåva skal du kartleggje arbeidsforholda ved skulen gjennom ei undersøking blant medelevane dine. Oppgåva kan godt løysast i grupper.

Finn eit representativt utval

Før undersøkinga bør du vurdere kor mange du skal spørje for å få det vi kallar eit representativt utval. Kva som er eit representativt utval, vil variere litt etter kor mange elevar det er på skulen din. I den relaterte artikkelen nedst på sida kan du lese meir om korleis ein vel eit representativt utval. I artikkelen står det at mellom 100 og 200 elevar vanlegvis vil vere eit greitt utgangspunkt for undersøkingar som gjeld éin enkelt skule.

Lage ei undersøking

Skal du intervjue mange, vil det truleg lønne seg å sende ut ei digital undersøking. Det finst fleire enkle og gratis verktøy for undersøkingar på nettet. Du finn nokre forslag i tekstboksen nedst på sida. Bruk det du sjølv synest er best.

Oppgåve

I undersøkinga skal du finne ut korleis elevane opplever arbeidsforholda på skulen. Døme på spørsmål du kan stille i undersøkinga:

  • Korleis er inneklimaet? Vanlege utfordringar i store bygg kan vere at lufta er for tørr, eller at det er for kaldt. Det er eit varselteikn dersom fleire melder om luftvegsproblem på skulen.
  • Korleis er det å jobbe med PC-ar? Er det nok ladestasjonar og god nok nettilgang? Er det andre utfordringar?
  • Korleis er det fysiske arbeidsmiljøet? Det kan inkludere faktorar som handlar om sjølve skulebygget, klasseromma, møterom eller arbeidspultar og stolar.
  • Korleis er det psykiske arbeidsmiljøet ved skulen? Kva den enkelte meiner er eit godt miljø, kan vere individuelt. Det psykiske arbeidsmiljøet inkluderer òg faktorar som støy, inkludering og rom for pausar.

Lag ei statistisk oversikt over svara du får. Kva seier resultata? Er det stor forskjell på kva leiinga ved skulen og elevane synest er viktig? Korleis opplever elevane det fysiske og psykiske arbeidsmiljøet sitt på skulen?

Verktøy for å lage undersøkingar

Forms, Google

SurveyMonkey

EasyQuest

Meiningsmåling, Facebook

Relatert innhald

Skrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 20.10.2020