HMS-arbeidet ved skulen - Produktutvikling og produksjon (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

HMS-arbeidet ved skulen

Har du oversikt over dei fysiske og psykiske miljøfaktorane på skulen din? I denne oppgåva skal de jobbe i grupper. De tek utgangspunkt i skulen de går på, og svarer på spørsmål om HMS-arbeidet ved skulen.

Intervju ein leiar

Veit de kven som styrer HMS-arbeidet på skulen? Finn ut kven som er HMS-ansvarleg. Avtal eit intervju med vedkommande eller ein annan som har oversikt over HMS-arbeidet på skulen.

Finn svar på desse spørsmåla:

  • Kva er dei viktigaste fysiske miljøfaktorane?
  • Korleis er dei tekne hand om på skulen?
  • Kva er dei viktigaste psykososiale miljøfaktorane?
  • Korleis er dei tekne hand om på skulen?

De kan òg bygge vidare på desse spørsmåla når de gjer intervjuet.

Drøft

Samanlikn svara de fekk, med korleis de i gruppa opplever dei fysiske og psykiske miljøfaktorane på skulen. Opplever de at dei er tekne hand om på ein god måte? Reflekter og grunngi svara med døme.

Skrive av Kjell Rosland og Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 19.10.2020