Fagstoff
Film
Sideleie
Ein person som er medvitslaus, men som pustar sjølv, skal leggast i sideleie. Dette gjer vi for å sikre at personen har frie luftvegar. Samtidig blir faren avgrensa for at mageinnhald kjem ned i lungene viss personen skulle kaste opp.
Film: Sideleie
I denne filmen (lengde 1:42) får du sjå korleis du legg ein person med nedsett medvit i sideleie.
Film: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0
Førstehjelpstiltak ved medvitslaus person som pustar
Viss du kjem over nokon med nedsett medvit, undersøk personen etter hugseregelen BLÅS.
- B = bevisstheit (medvit)
- L = luftvegar
- Å = åndedrett (andedrag)
- S = sirkulasjon
Viss personen pustar, kan du legge hen i sideleie. Ring 113, her vil du få rettleiing og hjelp.
Framgangsmåte for å legge personen i sideleie
- Set deg ned på kne ved sida av den medvitslause.
- Legg den næraste armen til personen opp ved sida av hovudet.
- Legg deretter den bortaste armen til personen over brystet.
- Dra deretter kneet som er lengst frå deg, opp i ein vinkel.
- Hald i skuldrene og kneet som er lengst frå deg, og rull personen mot deg.
- Når du har fått lagt den medvitslause over på sida, trekk hovudet lett bakover. Luftvegane til personen vil då vere opne. Øvste handa blir lagd under hovudet for å støtte dette, mens den fremre handa blir lagd framfor personen.
- Nedste bein ligg rett ut, mens det øvste skal vere bøygd.
- Sjekk at personen ligg stabilt, juster armar og bein viss det er naudsynt.
- Ikkje gå frå personen, tilstanden kan raskt endre seg. Følg med på om personen framleis har frie luftvegar, og at vedkommande pustar, heilt til hjelpa kjem.