Hopp til innhald
Fagartikkel

Risikovurdering og risikoanalyse

Risikovurdering handlar om kva som kan føre til skadar eller sjukdom på arbeidsplassen din, slik at du kan vurdere om du har teke tilstrekkelege forholdsreglar eller om du bør gjere meir for å førebygge.

Kva er risikovurdering?

Ei risikovurdering/kartlegging er ein grundig gjennomgang av kva som kan føre til skadar eller sjukdom på arbeidsplassen din, slik at du kan vurdere om du har teke tilstrekkelege forholdsreglar eller om du bør gjere meir for å førebygge.

Målet er at ingen blir skadde eller sjuke. Ulykker og dårleg helse kan øydelegge eit menneskeliv, samstundes som det kan få konsekvensar for verksemda i form av fråvære, produksjonstap, øydelagt utstyr osv.

Tre enkle spørsmål er kjernen i risikovurderinga:

  1. Kva kan gå gale?
  2. Kva kan vi gjere for å hindre dette?
  3. Kva kan vi gjere for å redusere konsekvensane dersom det skjer?

Kartlegging

Arbeidsmiljølova krev at alle verksemder skal kartlegge risikoen på arbeidsstaden. Det er arbeidsgivaren som har ansvaret for å gjennomføre kartlegginga.

Fire trinn for ei enkel risikovurdering

  1. Finn farekjeldene.
  2. Kva kan skje, og kor sannsynleg er det?
  3. Kva kan vi gjere for å hindre det?
  4. Tiltak og vidare arbeid

Systematisk HMS-arbeid føreset òg ein plan for oppfølging av eventuelle problem.

Oppgåve

Bruk den interaktive oppgåva under til å reflektere over korleis ei ulykke kan førebyggast.

Hugs

  • Det finst ei rekke ulike metodar for å gjennomføre risikovurderingar. Det er leiinga som bestemmer kva metode som skal brukast på arbeidsplassen din.
  • Omgrepa risikoanalyse, risikoevaluering, risikovurdering og risikostyring er omgrep du skal kjenne til. Dei blir brukte på ulike måtar.
  • Du må sjølv be om forklaring frå arbeidsplassen din om dette er uklart. SJA = sikker jobb-analyse.

Relatert innhald

Skrive av Hege Nikolaisen. Rettshavar: Arbeidstilsynet
Sist fagleg oppdatert 15.02.2022