Megatrendar

Når vi snakkar om trendar, dekker omgrepet oftast mindre åtferdsendringar som er meir interessante for dei som skal utvikle nye produkt, enn for dei som ønsker å analysere dei store endringane i samfunnet. Ein megatrend blir forklart av John Naisbitt som "store sosiale, økonomiske, politiske og teknologiske endringar som skjer sakte, men sikkert".
John Naisbitt er ein av dei fremste trendforskarane i verda. Saman med Patricia Aburdene har han skrive bøkene Megatrends og Megatrends 2000. I 1982 beskreiv dei ti megatrendar som dei meinte ville påverke oss i eit hundreårsperspektiv:
- frå det industrielle samfunnet – til informasjonssamfunnet
frå tvungen teknologi – til høgteknologi / high-touch
- frå nasjonalt basert økonomi – til verdsbasert økonomi
- frå kort tidsperspektiv – til langt tidsperspektiv
- frå sentralisering – til desentralisering
- frå institusjonell hjelp – til sjølvhjelp
- frå representativt demokrati – til deltakardemokrati
- frå hierarki – til nettverkssamarbeid
- frå "nord" – til "sør"
- frå anten-eller – til fleire moglegheiter
Fleire av desse megatrendane er relevante når vi analyserer utviklinga. I teknologisk samanheng er det veldig lenge sidan 1982. Samtidig er det lett å sjå at John Naisbitt og Patricia Aburdene trefte godt då dei beskreiv mykje av det som allereie kjenneteiknar dei viktigaste trendane i dag.