Øvelse
Lag ei side til ei fargeleggingsbok
I denne oppgåva skal du bli kjend med ulike formelement og formuttrykk i arbeidet med å lage ei side til ei fargeleggingsbok.
Dersom alle i klassen lagar kvar si side til ei fargeleggingsbok, kan de etterpå kopiere dei og setje dei saman til bøker. De kan få kvar dykkar individuelle bok ved å lage innbindinga personleg.
- Teikn opp to ruter som er 10 cm x 10 cm, og ei rute som er 5 cm x 5 cm.
- Den eine ruta, på 10 cm x 10 cm, skal du fylle med organiske linjer og former.
- Den andre ruta, på 10 cm x 10 cm, skal du fylle med geomteriske former.
- I den vesle ruta skal du lage former ved å bruke punkt. Varier avstanden mellom punkta.
- Teikn ei rute på 15 cm x 15 cm. Teikn rundt med ein tusjpenn.
- Fyll ruta med linjer. Du skal bruke organiske og geometriske linjer i tillegg til punkt. Teikn over med tusjpenn.
- øvingane
- ferdig side til fargeleggingsbok