Ittens fargekontrastar - Eksperimenter med kald-varm-kontrast - Produktutvikling og produksjon (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Ittens fargekontrastar

Eksperimenter med kald-varm-kontrast

Eksperimenter med kald-varm-kontrast

Vel ei enkel form og plasser henne i eit rom. Prøv ut korleis du kan bruke kontrasten mellom kalde og varme fargar til å skape djupneverknad. Du kan bruke fargekontrasten i lys- og skuggeflater til å modellere forma og til å skape kontrast mellom forgrunn og bakgrunn.

Prøv ut verknaden av kalde og varme fargar

Her kan du måle, fotografere eller arbeide digitalt i eit teikneprogram. Du kan òg bruke eit foto som du tilarbeider med ulike fargeverknader i eit biletredigeringsprogram.

  • Lag fleire kopiar av motivet ditt, og prøv ut ulike kombinasjonar av kalde og varme fargar.

  • Vel det biletet du liker best, og monterer dette på svart kartong.

  • Skriv gjerne ein logg der du vurderer verknaden av ulike fargesamansetjingar.

Relatert innhald

Fagstoff
Kald-varm-kontrast

Kald-varm-kontrast får vi ved å setje kalde og varme fargar mot kvarandre. Denne kontrasten kan skape intensitet og få fram avstandar.

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 08.05.2024