Internasjonal stil i arkitekturen - Produktutvikling og produksjon (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Internasjonal stil i arkitekturen

Tidleg på 1900-talet ser vi dei første teikna til utviklinga av den moderne eller internasjonale stilen i arkitekturen. I Skandinavia slår stilen gjennom på 1930-talet og får nemninga funksjonalisme. Stilen er populær også etter den andre verdskrigen og dominerer heilt fram til midten av 1970-talet.

Nokre prinsipp

  • Form kan ikkje rivast laus frå funksjon. Dei to må verke saman og utgjere ein heilskap.
  • Bygg og interiør skal ha reine, enkle former og linjer, utan "pynt" av noko slag. Til og med privatbustader blir utforma etter dei same prinsippa som fabrikkar og offentlege bygg.
  • Kopiering og etterlikning av eldre stilartar er bannlyst. Det gjeld å skape nye løysingar for ei ny tid.

Døme

Villa Riise på Hamar

Kalmarhuset i Bergen

Ingierstrand Bad

Relatert innhald

Skrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 10.07.2017