Gatekunst og den anonyme kunstnaren
Film om gatekunst i New York
I filmen under (lengde 5:10) ser vi på gatekunst generelt og tek ei byvandring i New York.
Ulike former for gatekunst
Gatekunst finn vi vanlegvis i bymiljø. Uttrykksformene og formålet med kunsten kan variere. Gatekunst kan vere
estetisk – appellere til sansane
sosialt engasjerande – sette fingeren på noko i samfunnet
politisk – ha ein politisk bodskap
humoristisk – vere morosam
personleg – uttrykke noko om kunstnaren, personlege kjensler og meiningar
kommersiell – oppmode til kjøp

Teknikkar
Ei vanleg form for gatekunst er graffiti – anten ved frihandsteknikk eller gjennom sjablongar. Andre gatekunstnarar set opp klistremerke og plakatar eller lagar måleri på ulike typar flater i bybiletet. Nokre jobbar òg tredimensjonalt og lagar installasjonar og skulpturar.

Film om urban kunst i Berlin
Urban kunst omfattar ulike kunstformer som oppstår i bymiljø. Gatekunst kan vere ein del av dette. I filmen under (lengde 5:39) møte vi først Christian Rothenhagen. Han let seg inspirere av bybiletet og skaper urban kunst. Etterpå får vi ein guida rundtur der vi utforskar gatekunst i Berlin.
Den anonyme kunstnaren
Street art er som oftast ikkje ønskt eller bestilt av dei som eig dei flatene som blir dekorerte. Mykje gatekunst er derfor ofte ulovleg oppført. For å unngå problem med politiet er dei fleste gatekunstnarane anonyme, og dei opererer med pseudonym, kallenamn, når dei signerer verka sine. Denne anonymiteten gir gatekunsten ei form for mystikk. Det kan vere vanskeleg å vite kven som har laga kunstverka, og kva dei betyr.

Relatert innhald
Gatekunst har utvikla seg frå ulovleg graffiti til å også bli eit anerkjent kunstuttrykk. Møt nokre kunstnarar som har bidrege til dette.