Fargelære i frisørfaget

Farge er ein viktig del av hårdesign
Som frisør er målet å skape eit heilskapleg designuttrykk. Dette gjer du ved å setje saman designelementa form, farge og tekstur som passar til den personlege stilen og dei anatomiske føresetnadene til kunden. Vi bruker farge anten for å understreke forma, påverke teksturoverflata eller for å skape eit fokuspunkt i frisyren.
Identitet og stil
Menneske bruker ofte fargar til å uttrykke seg på ulike arenaer, og fargar kan påverke kjenslene våre. Farge pregar kultur og samfunn, men vi tenker kanskje ikkje så mykje over det. Ved hjelp av nyansar i ulike fargar kan du lage ulike effektar og detaljar. Lys farge forstørrar og gir eit luftig inntrykk. Det verkar meir porøst og glanslaust. Ein mørk farge forminskar og gir eit meir kompakt inntrykk. Mørk farge gir ein meir glansfull og frisk utsjånad. Ein farge som er varm, gir ei meir glansfull og lysare overflate, mens ein kald farge blir opplevd mattere og mørkare.
Kva for eit av bileta legg du best merke til?

Mest sannsynleg er det fargebiletet som fangar blikket ditt. Bilete med fargar sender sterkare signal og gir oss meir informasjon om personane. Vi kan sjå på det som eit kommunikasjonsmiddel. Slik blir hårfarge med på å skape identiteten og stilen til ein kunde, og kan fortelje litt om kven personen er.
Hårfarge er eit stort emne innan frisørfaget, og det blir brukt som eit avansert verkemiddel. Ein frisør som er dyktig på grunnlæra om hår og hårfarge, kan bruke denne kunnskapen til å fremme stilen, velværet og trivselen til kunden. Her kan du bruke dei kreative evnene dine til å skape uendeleg mange uttrykk. Slik kan du hjelpe ein kunde til få å fram den beste utgåva av seg sjølv og forsterke den personlege stilen til kunden.
Kva treng ein frisør å kunne om hår og farge?
For å bli god på hårfarging bør du ha kunnskap om:
- Ittens fargelære
- korleis kommunisere med ein kunde
- oppbygginga til håret og kvalitetane på håret
- dei kjemiske prosessane og verkestoffa i hårfargen
- ulike fargeteknikkar
- korleis halde ved like ein farge
Film: Fargelære i frisørfag
I filmen under (lengde 2:29) ser vi korleis ein frisør bruker fargelære i faget sitt.
Ittens fargelære i frisørfaget

Ittens fargelære er nøkkelen til ei suksessfull fargebehandling. Jo bedre du kjenner til systemet, jo betre frisør blir du. Det er fordi systemet kan hjelpe deg til å forstå korleis fargane verkar på kvarandre.
Resultatet av ein hårfarge blir påverka av dei fargepigmenta som allereie eksisterer i eit hår. Ittens fargesirkel kan brukast som ein guide i forkant av kjemiske behandlingar, når du analyserer håret til kunden, og undervegs i prosessen med å blande fargar.
Ein grunnfarge er ein farge som dannar grunnlaget for eit fargesystem, kalla primærfarge. Primærfargane er blå, raud og gul. Blander du to primærfargar, lagar du ein sekundærfarge som kan bli grøn, oransje eller fiolett. Ein primærfarge og ein sekundærfarge skaper ein tertiærfarge. Det finst seks tertiære fargar som er blant dei viktigaste fargane du må ta omsyn til når du fargar eit hår.

På høgre sida i fargesirkelen ligg dei varme fargane, og på den venstre sida ligg dei kalde fargane. Dei varme primær- og sekundærfargane (gul, oransje og raud) er fargar som vi har naturleg. Desse kallar vi underliggande pigment. Det naturlege pigmentet til håret blir kalla melanin. Det finst to ulike pigment: eumelanin og pheomelanin. Eumelanin består av mørke pigment og er det største. Pheomelanin har mindre raude pigment. Mengda fargepigment bestemmer hårfargen, og lysare hår har mindre pigment enn mørkt hår. Ofte finn du ein fargesirkel på baksida av eit fargekart. Fargekart er eit nødvendig verktøy for ein frisør.
Naturskalaen
Naturskalaen tek utgangspunkt i dei fargepigmenta vi naturleg har i håret. Vi deler han ofte inn i ein skala ut frå kva tonehøgde håret har, der 2 er den mørkaste naturfargen, og 10 er den lysaste naturfargen.

Naturskalaen blir brukt til å analysere utgangspunktet til kunden og har ei eiga dekkevne, til dømes 100 prosent dekking av grått hår.
Kommunikasjon om fargar
Det kan vere umogeleg å forklare ein farge heilt korrekt berre ved hjelp av ord. Auget vårt oppfattar fleire millionar fargar, og vi klarer ikkje å gi alle namn. Når vi snakkar om ein bestemd farge, er det ikkje sikkert at den vi snakkar med, forstår kva farge vi meiner. Eit fargekart med kodesystem blir eit viktig kommunikasjonsmiddel som hjelper frisøren og kunden til å forstå kvarandre riktig.
Øving om fargenamn
Er eplegrøn berre éin bestemd farge?
Snakk med ein medelev om ulike fargenamn. Til dømes gulfargar, raudfargar, blåfargar eller grønfargar.
Kodesystem
Vi har kodesystem for å skape ei felles oppfatning av farge. Det finst ulike kodesystem. Nokre leverandørar av hårfarge bruker kodar som inneheld tal og bokstavar, andre leverandørar har berre talkodar. Når du har lært eit av desse systema, er det lett å forstå andre system, då dei har fellestrekk i oppbygginga.
Kodane er sette opp slik at vi skal vite kva tonehøgde og kva fargenyansar fargen inneheld. Det første talet angir tonehøgda, kor lyst eller mørkt håret er. Tala eller bokstavane som kjem etterpå, beskriv fargenyansen, om han er varm (gul, oransje, raud), kald (blå, grøn, lilla) eller nøytral (brun, grå, beige). I tillegg beskriv vi intensiteten i fargen, den kan variere frå svak til intens. Fargekoden kan innehalde talrekker, namn eller fleire bokstavar, men vi bruker bokstavar i dømet vårt. Den første bokstaven er hovudfargen, dei neste bokstavane er tilleggsfargar som beskriv fargenyansen. Hovudfargen har dobbelt så mange fargepigment som tilleggsfargane. Blir same bokstav gjenteken fleire gonger, betyr det at han inneheld ekstra pigment av ein bestemd farge, og at han er meir intens.
Kva betyr koden til ei fargeprøve?

Fargekoden på biletet til høgre er "6KR". Talet i ein fargekode står for tonehøgde, altså kva lysheits- eller mørkheitsgrad håret har. Bokstavane fortel kva fargenyansar som inngår i fargen.
I dette dømet står talet "6" for ei mørk blond tonehøgde. Bokstaven "K" står for kopar og er i dette tilfellet hovudfargen i fargenyansen, mens bokstaven "R" står for raud. Raud er i dette tilfellet ein tilleggsfarge. Kopar inneheld dobbelt så mange fargepigment som raudfargen.