Bruk tradisjonshandverk i ei vindaugsutstilling - Produktutvikling og produksjon (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Bruk tradisjonshandverk i ei vindaugsutstilling

Even Hansen viser korleis han kombinerer treskjering med digitale verktøy og nye materiale. Korleis kan du bruke tradisjonshandverk når du skal eksponere varer i ein butikk? Bruk eit eller fleire produkt som er laga med tradisjonelle handverksteknikkar i ei vindaugsutstilling.
Innovasjon i treskjerarfaget. Video: Even Hansen / CC BY-NC-ND 4.0

Tradisjon og nyskaping

I filmen over seier Even Hansen mellom anna:

Det er viktig at vi som utøver eit tradisjonshandverk er med på utviklinga i samfunnet, samtidig som vi tek vare på kulturarven vår [...]. Finn vi nye bruksområde, kan vi ta vare på tradisjonane og føre dei vidare.

Tradisjon, kultur og natur pregar trendbiletet, og det berekraftige appellerer til kunden. La deg inspirere til å bruke eitt eller fleire produkt som er laget med tradisjonelle handverksteknikkar, i ei vindaugsutstilling.

Oppgåve

  1. La deg inspirere av produkt laga med tradisjonelle handverksteknikkar når du planlegg ei utstilling.
  2. Lag eit stemningskart der du kombinerer produkt laga med tradisjonelle handverksteknikkar og dei produkta butikken ønskjer å vise i ei utstilling.
  3. Vel ut dei elementa du vil bruke vidare i vindaugsutstillinga.
  4. Visualiser løysingsforslag ved hjelp av skisser.
  5. Lag sjølve utstillinga eller ein modell. Du kan lage ein digital tredimensjonal modell laga i eit digitalt program, eller ein fysisk modell.
  6. Bli samd med læraren din om korleis du skal dokumentere arbeidsprosessen og presentere løysinga di.

Innlevering

  • stemningskart
  • skisser
  • utstilling eller modell
  • eigenvurdering:

    • Vurderer korleis det tradisjonelle produktet fungerer i ein moderne samanheng, og kva du synest om det estetiske uttrykket.
    • Beskriv korleis du opplever kombinasjonen av tradisjon og nyskaping.
Skrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 01.11.2020