Additiv fargeblanding - RGB - Produktutvikling og produksjon (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Additiv fargeblanding - RGB

Dei forskjellige fargane er lys med ulike bølgjelengder.


Additiv fargeblanding skapast ved å leggje saman lysfargar. RGB står for grunnfargane: raudt, grønt og blått. Det additive fargesystemet blir brukt til skjermfargar og i lyssetjing av alle slag.

Dei forskjellige fargane er lys med ulike bølgjelengder. Kvitt lys inneheld alle fargane. Dette kan vi sjå når lyset brytast gjennom eit prisme eller når sollyset treff regndråper og skapar ein regnboge.

Det additive fargesystemet RGB

RGB er eit additivt fargesystem. Addere betyr å leggje til, og i dette systemet vil det seie å leggje til lys. Bokstavane i fargesystemet RGB står for raudt, grønt og blått. Dette er primær- eller grunnfargane i RGB. Ved hjelp av raudt, grønt og blått lys kan vi lage alle dei andre fargane. Når raudt, grønt og blått blir lagde oppå kvarandre med full styrke, vil vi få fargen kvit. For å få svart tar du bort fargane. Det er fordi RGB er eit fargesystem som blir skapt med hjelp av lys.

Når du jobbar på skjerm, brukar du RGB-fargar. RGB-fargane blir oppgitt i verdiar frå 0-255, der 0 er ingen farge. Når alle RGB-fargane har 0 i verdi, svarar dette til heilt svart.

Digitale kamera gjer opptak i RGB-farger. Programvare som fotoredigeringsprogram brukar RGB-fargemodus fordi den gir størst fargespekter.

I filmen Fargeblanding frå NRK Skole demonstrerer Mali Mærk frå Forskerfabrikken blanding av lysfargar og forklarer korleis auget vårt oppfattar fargane. Sjå klippet frå 1:16 - 4:00.



Skrive av Inger Gilje Sporaland og Kari Kosvaag Rønning.
Sist fagleg oppdatert 07.07.2019