Internkontrollforskrifta

Kva er internkontrollforskrifta?
Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta) beskriv lover og reglar, organisering og tilsynsmakt.
Ei forskrift utfyller lovføresegner med rettar og plikter. Innanfor HMS gir internkontrollforskrifta oss meir utfyllande føresegner om reglane vi finn i mellom anna arbeidsmiljølova.
Forskrifta gjeld for all verksemd som blir omfatta av lover om arbeidsmiljø, brann- og eksplosjonsvern, el-sikkerheit, produktkontroll, strålevern og miljøvern. Dette inneber i praksis alle verksemder som framstiller, sel eller tilbyr varer og tenester.
Internkontroll er ansvaret til arbeidsgivaren, men alle tilsette har både rettar og plikter i samband med HMS-arbeidet.
Formål
Gjennom krav om systematisk gjennomføring av tiltak skal internkontrollforskrifta fremme eit kontinuerleg forbetringsarbeid i verksemdene.
Forskrifta krev at verksemdene jobbar systematisk for å forbetre arbeidsmiljøet og sikkerheita, og dessutan førebygger uhell, ulykker og uønskte hendingar i den daglege drifta. Ho skal òg verne mot helseskadar frå produkt eller tenester, skjerme det ytre miljøet mot forureining og sikre god handtering av avfall.
Plikt til internkontroll
Kravet om systematisk HMS-arbeid er det same for alle verksemder. Dagleg leiar skal sørge for gode rutinar for internkontroll. Dette inneber mellom anna dokumentasjon av ulike HMS-tiltak. Arbeidet med internkontroll skal gjerast i samarbeid med arbeidstakarane og representantane deira.

Tilsyn
Det er fleire tilsynsmakter som følger opp at verksemdene overheld internkontrollforskrifta. Dei viktigaste er
Arbeidstilsynet
El- og brannvernsmyndigheiter
- Miljødirektoratet og Statsforvaltaren
Arbeidstilsynet
Arbeidstilsynet fører tilsyn med at verksemdene følger arbeidsmiljølova og internkontrollforskrifta. Dersom dei oppdagar manglar ved tilrettelegging eller sikkerheit, kan dei gi pålegg om utbetring eller stanse arbeidet.
I tillegg gir Arbeidstilsynet rettleiing om organisering av arbeidet for alle typar arbeidsplassar, slik at verksemdene kan førebygge helseskadar og ulykker. Rettleiingane finn du på nettstaden til Arbeidstilsynet.
El- og brannvernmyndigheiter
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og Det lokale eltilsynet (DLE) fører tilsyn etter lov om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr, og dessutan produktkontrollova.
Etter produktkontrollova sjekkar dei at tenester og aktivitetar som blir tilbodne kundar, som til dømes leikeland, treningssenter og underhaldningsparkar, er trygge å bruke, og at utstyret ikkje fører til skadar, brann eller ulykker.
DSB og dei kommunale brannvernsmyndigheitene fører tilsyn etter brann- og eksplosjonsvernlova for å sikre at verksemder førebygger brann og har trygge rømmingsvegar.
Krav til skriftleg dokumentasjon
Internkontrollforskrifta § 5 listar opp åtte krav til HMS-arbeidet, som sitert nedanfor. Forskrifta krev at dei fem siste punkta skal dokumenterast skriftleg.
sørge for at de lover og forskrifter i helse-, miljø- og sikkerhetslovgivningen som gjelder for virksomheten er tilgjengelig, og ha oversikt over de krav som er av særlig viktighet for virksomheten
sørge for at arbeidstakerne har tilstrekkelig kunnskaper og ferdigheter i det systematiske helse-, miljø- og sikkerhetsarbeidet, herunder informasjon om endringer
sørge for at arbeidstakerne medvirker slik at samlet kunnskap og erfaring utnyttes
fastsette mål for helse, miljø og sikkerhet
ha oversikt over virksomhetens organisasjon, herunder hvordan ansvar, oppgaver og myndighet for arbeidet med helse, miljø og sikkerhet er fordelt
kartlegge farer og problemer og på denne bakgrunn vurdere risiko, samt utarbeide tilhørende planer og tiltak for å redusere risikoforholdene
iverksette rutiner for å avdekke, rette opp og forebygge overtredelser av krav fastsatt i eller i medhold av helse-, miljø- og sikkerhets- lovgivningen
foreta systematisk overvåkning og gjennomgang av internkontrollen for å sikre at den fungerer som forutsatt
Relatert innhald
Nettside hos arbeidstilsynet.no
Nettside hos lovdata.no