Vitamin - Produksjon og tenesteyting (NA-LGA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Vitamin

Vitamin er stoff som er livsnødvendige for oss og dyra våre, men som det berre trengs små mengder av. Dei må vi få gjennom maten, fordi kroppen ikkje kan bygge dei sjølv. Unntaket er vitamin D, som huda kan danne i sollys, og vitamin K, som blir danna av bakteriar i tarmane.

Forelesing om vitamin (4:21)

Video: Amendor AS / CC BY-SA 4.0

Vitamin – viktige hjelpestoff i små mengder

Alle vitamina er svært ulike, har ulik kjemisk oppbygging og har heilt ulike oppgåver i kroppen. Vitamina er næringsstoff som regulerer stoffskiftet i kroppen og er nødvendige for omsetninga av karbohydrat, feitt, protein og mineralstoff. Vi kjenner i dag til 13 ulike vitamin.

For lite vitamin gir sjukdommar

For lite vitamin i kosten kan gi mangelsjukdommar. Dette var vanleg før i tida, men no til dags er det sjeldan. I fattige land er derimot vitamin-mangelsjukdommar svært utbreidde.

Nokre vitamin er stoff som må vere til stades for at viktige enzym skal verke, såkalla koenzym. Mange B-vitamin er koenzym. Fleire av vitamina verkar som antioksidantar i cellene, til dømes vitamina C, E og A.

Antioksidantar vernar cellene i kroppen vår mot såkalla frie oksygenradikal og vernar oss på denne måten mot kreft og hjartesjukdommar. Frie oksygenradikal er stoff som kroppen produserer under celleandinga. Det blir forska mykje på om vitamina kan brukast til å førebygge sjukdommar. Fleire vitamin er mellom anna knytte til førebygging av kreft og hjarte- og karsjukdommar.

Vitaminbehov hos produksjonsdyr

Det er viktig at husdyra får dei vitamina dei treng, i fôret, for å fungere normalt. Tilsetjing av vitamin i kraftfôret er som regel tilstrekkeleg til å dekke behovet, men det kan likevel oppstå manglar.

Mikroorganismane i formagane hos drøvtyggarar produserer B-vitamin, og drøvtyggarar er derfor sikra tilgang på vassløyselege vitamin. Vitamin E er viktig for utvikling av kjønnshormon. Derfor kan det vere aktuelt med tilskot av vitamin E viss du slit med at dyra ikkje viser brunst. Fleire av vitamina verkar saman med mineral. Selen og vitamin E er eit døme på dette. Kalsium og fosfor verkar saman med vitamin D.

Feittløyselege vitamin

Vitamin A, D, E og K er feittløyselege og kan lagrast i kroppen. Det er derfor ikkje nødvendig å dekke behovet kroppen har, kvar dag, så lenge lagera ikkje går tomme.

Vassløyselege vitamin

Vitamin B og vitamin C er vassløyselege og blir raskt skilde ut av kroppen. Sidan dei ikkje blir lagra, må vi stadig få dei tilførte gjennom mat og drikke. Vitamin B er ei stor gruppe vitamin (tiamin, riboflavin, niacin, pyridoksin, pantotensyre, biotin, kobalamin og folsyre).

Oversikt over vitamin

Vitamin

Funksjon

Gode kjelder

Vitamin A

viktig for normalt syn, slimhinner, hud, cellevekst og i forsvaret mot infeksjonar og kreft

gulrot og andre raude og grøne grønsaker, tørka frukt, lever, leverpostei, feit fisk, smør og margarin

B-vitamina

viktig for hud, hår og negler og i nedbrytinga av protein, feitt og karbohydrat

grøne grønsaker, brød og kornvarer, mjølk, ost, fisk og egg

Vitamin C

legg til rette for normal utvikling av celler og vev, aukar oppsuging av jern i tarmen, er ein antioksidant

sitrusfrukt, solbær, kålrot, poteter og anna frukt, bær og grønsaker

Vitamin D

nødvendig for at tarmen skal ta opp kalk, regulerer kalkinnhaldet i knoklane

tran, feit fisk, smør, margarin, sollys (UV-strålar) på hud

Vitamin E

viktig for celler og vev, verkar som antioksidant

kornvarer, oljar, feit fisk, tørka frukt og grønsaker

Vitamin K

viktig for blodet si evne til å levre seg

grønsaker (spesielt grøne), kjøtt og kornprodukt, tarmbakteriar

Oppgåve: Påstandar om vitamin

Kjelder

Bama. (u.å.). Vitamin C – får du nok? Henta 24. april 2023 frå https://www.bama.no/helse-og-ernaring/vet-du-dette-om-frukt-og-gront/vitamin-c---far-du-nok/

Gjefsen, T. (2016). Fôringslære. Fagbokforlaget.

Helsedirektoratet. (2020, 17. desember). Næringsstoffer. Helsenorge. https://www.helsenorge.no/kosthold-og-ernaring/sma-grep-for-et-sunt-kosthold/naringsstoffer/

Skrive av Bjørg E. B. Aurebekk, Øyvind Bønes og Ingrid Resell. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 26.04.2023