Verneutstyr i landbruket
Kven har ansvaret for at det blir brukt verneutstyr?

Ansvaret til arbeidsgivar
Dersom du er arbeidsgivar, har du ansvar for
at alle arbeidstakarar har det verneutstyret det er behov for
at alle arbeidstakarar er informerte om behov for verneutstyr ved dei ulike arbeidsoperasjonane
at alle arbeidstakarar lærer å bruke verneutstyret på rett måte
Ansvaret til arbeidstakar
Det er arbeidstakaren sjølv som har ansvar for å bruke verneutstyret når det trengst.
Verneutstyr i jordbruket
Her finn du ei oversikt over verneutstyret du bør ha tilgjengeleg når du arbeider i landbruket.
Oppgåver
Finn rett alternativ
Praktiske situasjonar
Sett dykk inn i situasjonane under, og diskuter kva slags verneutstyr de må bruke. Er det noko verneutstyr som kan vere fint å bruke, men som ikkje er strengt nødvendig?
Situasjon 1: Motorsag i ulendt terreng
Du har fått i oppgåve å felle tre langs eit steinete bekkefar. Trea er store og står tett. Det er fuktig i bakken og litt uoversiktleg. Du skal jobbe fleire timar med motorsag og dra bort greiner etterpå.
Spørsmål: Kva slags verneutstyr treng du, og kvifor?
Situasjon 2: Griseflytting i stressande situasjon
Ein flokk griser skal flyttast frå ein binge til ein annan. Dyra er stressa og hyler høgt. Du må bruke kroppen aktivt for å få dei med deg, og det er vanskeleg å kommunisere med kollegaene dine over støyen.
Spørsmål: Kva slags verneutstyr bør du bruke for å gjere jobben trygt og effektivt?
Situasjon 3: Kapping av rustne metallrøyr i verkstad
Du jobbar inne i ein verkstad og skal kutte gamle, rustne røyr med vinkelslipar. Når du kappar, flyg det gneistar og små bitar av metall. Nokre røyr har restar av olje på seg.
Spørsmål: Kva farar må du verne deg mot, og kva slags verneutstyr bør du bruke?
Situasjon 4: Sprøyting med kjemiske plantevernmiddel
Du har fått mykje ugras i potetåkeren og har funne eit kjemisk plantevernmiddel du kan bruke. Plantevernmiddelet er helsefarleg, du bør ikkje få det på huda, og du bør slett ikkje få det i deg. Du blandar på ei åkersprøyte og skal bruke traktor når du sprøyter.
Spørsmål: Kva slags verneutstyr bør du bruke her, og kvifor?
Situasjon 5: Rydding i gammalt potetlager
Du skal rydde ut gammal halm og jord frå eit potetlager som ikkje har vore brukt på lenge. Det er tørt støv i lufta, og du nys når du går inn. Etter nokre minutt tek det til å klø i halsen.
Spørsmål: Kva verneutstyr bør du bruke?
Situasjon 6: Variert gardsarbeid gjennom dagen
Ein vanleg arbeidsdag på garden består av alt frå traktorarbeid til stell i fjøset, vedlikehald av maskiner og arbeid på jordet. Du går mykje, jobbar i varierande vêr og gjer både tunge og lette arbeidsoppgåver.
Spørsmål: Kva for grunnleggande verneutstyr bør du ha på deg gjennom heile dagen, og kvifor?





