Skurtreskar

Om skurtreskaren
Skurtreskaren er ei maskin vi bruker når vi haustar korn, erter og frø frå ulike artar som gras, kløver og lin. Han skjer av heile planten og skil korn eller frø frå strå og aks. Det finst ulike treskesystem i ulike skurtreskarar, og dei blir hovudsakleg delte inn i treskarar med ristarar eller treskarar med rotor. Vi skal sjå på oppbygging og verkemåte for treskarar med ristarar.
Skjerebord og vinde
Skjerebordet er fremst på skurtreskaren. Her har vi ei knivstong, fleire fingrar, ei vinde og ein samleskrue. Knivstonga er lik den vi finn på fingerslåmaskiner, og består av ei stong med mange knivar som går fram og tilbake. Kvar kniv går gjennom kvar sin finger, og dermed blir kornplanten skoren rett over bakken. Då vil heile strået falle bakover på skjerebordet.
Vinda hjelper til med å halde kornstråa ståande slik at dei ikkje blir bøygd framover av knivstonga, samtidig vil vinda òg flytte stråa vidare bakover mot samleskruen på skjerebordet. Samleskruen flyttar kornstråa mot midten av skjerebordet.
Skjerebordshals
Skjerebordet er festa til skurtreskaren på skjerebordshalsen, og er den som løftar og senkar skjerebordet. Inne i skjerebordshalsen finn vi loelevatoren som transporterer kornstråa inn til treskeverket. Der skjerebordshalsen er festa til skurtreskaren, er det ei steinlomme. Der vil eventuelle steinar og harde jordklumpar som har blitt med opp frå åkeren, falle ned og samle seg. Det er viktig å hugse å tømme steinlomma dagleg.
Visste du at ...
Lo (loa) er kornstrå som er kutta, men ikkje treskt og reinsa for agn og halm. Loelevatoren fraktar stråa opp til slageren der kornet skilst frå stråa.
Slagar, slagarbru og kornplate
Kornplanten kjem heil inn i treskeverket og no skal kornet skiljast frå resten av planten. Det er slagaren som slår laus kornet frå akset. Slagaren er ein trommel med tverrgåande slagarstål som går med stor fart. Under slagaren ligg slagarbrua som ei rist. Desse skal ha ein bestemd avstand så kornet ikkje blir knust når det skilst frå resten av planten. Vi må justere avstanden etter kva type korn som skal treskast, og etter storleiken på korna. Kornet, aksa og korte halmstrå fell så ned på kornplata som ligg under slagarbrua.
Ristarar
Halmen går vidare til halmristarane. Dei går fram og tilbake og transporterer halmen bakover samtidig som dei ristar halmen. Når halmen blir rista, vil korn som ligg igjen i halmen, ristast laus og falle i botnen av halmristaren. Dette kornet vil så falle framover i treskaren igjen og ende opp på kornplata.
Kornplate og såld
Kornplata og sålda heng saman og bevegar seg fram og tilbake inne i treskaren. Dei er utforma slik at med desse rørslene blir kornet kasta bakover. Kornet som no har komme på kornplata frå både slagar og halmristarar er blanda med både agner og korte halmstrå. Derfor må kornet reinsast. Når denne blandinga av korn, agner og korte halmstrå blir kasta bakover på kornplata, vil dei tunge korna bli liggande nedst og dei lette agnene og halmstråa vil legge seg på toppen.
Vidare vil denne blandinga flytte seg over på oversåldet, her blir det blåse ei stor mengde luft frå ei vifte igjennom blandinga. Slik blir lette partiklar båsne bakover og ut av treskaren, mens det tunge kornet vil falle igjennom oversåldet og ned på undersåldet. På undersåldet blir kornet sortert: Enkeltkorn vil falle igjennom, mens korn som heng saman, vil bli kasta bakover.
Kornskruar og elevatorar
Enkeltkorna som fell gjennom, fell ned på ein tverrgåande kornskrue og går vidare via kornelevatoren opp til korntanken. Korna som heng saman og som går bakover på undersåldet, fell ned på ein tverrgåande kornskrue og går via returelevatoren fram til slagaren for å bli med ein gong til i treskeprosessen.
Innstillingar
For at reinseprosessen skal bli best mogleg, er det mange innstillingar du må gjere. Det gjeld til dømes fart og avstand på slagaren, fart og styring av luftmengde, vinklar på sålda osb.
Det er viktig å kontrollere kor mykje spill det er frå skurtreskaren, det vil seie at vi må telje kor mange korn det ligg igjen på bakken på eit gitt areal. Vi kan akseptere noko spill frå skurtreskaren, men vi må heile tida følge med på kor stort det er. På moderne skurtreskarar kan vi få spillindikatorar som ekstrautstyr, og desse viser kor mykje spill det er.
Oppgåve
Kan du namna på delane inni skurtreskaren? Dra namna til rett stad.