Protein - Produksjon og tenesteyting (NA-LGA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Protein

Protein er næringsstoff som er nødvendige for oppbygging og vedlikehald av celler og vev, og produksjon av hormon og enzym. Dei gir òg energi. I kroppen er det om lag 100 000 ulike protein som alle har bestemte oppgåver å utføre.

Protein til oppbygging og vedlikehald

Protein finst i alle plantar og dyr og har mange ulike funksjonar. Protein inngår i oppbygging av vev og strukturar. I kroppen vår finst det protein i alle celler, og det blir brukt til å bygge opp hud, hår, negler og musklar. Andre protein bidreg til transport, lagring, hormon og enzym.

Ulike typer Protein

Type protein

Døme på protein

Funksjon

Fordøyingsenzym

amylase, lipase, pepsin, trypsin

hjelpe til med nedbryting av næringsstoff

Transport

hemoglobin, albumin

frakte stoff via blod og lymfe

Struktur

aktin, tubulin, keratin

danne strukturar i cellene

Hormon

insulin, tyroksin

overføre signal

Forsvar

immunoglobulin

forsvare kroppen mot farlege stoff

Samantrekking

aktin, myosin

utføre muskelsamantrekking

Lagring

lagringsprotein hos belgvekstar, albumin i eggekvite

gi næring i tidleg fosterstadium og til frøplantar

Protein er kjeder av aminosyrer

Protein er store molekyl som er bygde opp av lange kjeder av aminosyrer. Aminosyrer er stoff som både er basar og syrar. Aminogruppa (-NH2) har basiske eigenskapar, mens syregruppa (-COOH) har sure eigenskapar.

Begge gruppene er bundne til det same karbonatomet. Til dette karbonatomet er det òg bunde eit hydrogenatom og ei gruppe som vi kan kalle R (restgruppe). Det er denne sidekjeda som skil ulike aminosyrer frå kvarandre. Det finst 20 aminosyrer som vi reknar som vanlege.

Kjedene med aminosyrer blir danna når fleire aminosyrer reagerer med kvarandre og dannar peptid. Protein er lange peptidkjeder.

Essensielle aminosyrer kan du ikkje lage sjølv

Tolv av dei 20 aminosyrene kan kroppen lage sjølv, men 8 av dei må vi få gjennom maten. Desse åtte aminosyrene kallar vi essensielle eller livsviktige. Spedbarn må i tillegg få cystein tilført utanfrå. Heldigvis er morsmjølk ei god kjelde for denne aminosyra.

Eit variert kosthald vil gi deg nok essensielle aminosyrer, men dei som unngår kjøtt, fisk, egg og/eller mjølkeprodukt, må vere meir klar over kva dei et, for å sikre seg at dei får nok essensielle aminosyrer.

Aminosyrer som kroppen ikkje har behov for, blir forbrende eller danna om til feitt. Urea (urinstoff) er det avfallsproduktet som blir danna når protein blir brotne ned. Det inneheld nitrogenet frå aminosyrene og blir skilt ut med urinen.

Essensielle aminosyrer hos produksjonsdyr

Dei einmaga dyra treng tilførsel av essensielle aminosyrer i fôret, akkurat som oss. Men det er stor variasjon i kva aminosyrer dei ulike dyreslaga treng, og i kva mengder. Ved fôring av gris er det ti essensielle aminosyrer, og lysin er den aminosyra grisane treng mest av. Av dei andre essensielle aminosyrene er det metionin og treonin det oftast blir mangel på. Alderen og utviklingsstadiet til dyra speler òg inn, derfor blir det laga spesielle kraftfôrblandingar som er tilpassa behovet i dei ulike periodane.

Hos drøvtyggarar er ikkje behovet for essensielle aminosyrer i fôret så stort, fordi mikroorganismane i vomma dannar om karbohydrat og råprotein i fôret til aminosyrer som vertsdyret kan gjere seg nytte av. Hos høgtytande mjølkekyr, mjølkegeiter og søyer klarer ikkje mikroorganismane å produsere nok av dei essensielle aminosyrene. Derfor er det vanleg å tilsetje nokre av dei essensielle aminosyrene i kraftfôr til drøvtyggarar òg.

Tenk gjennom

Kva er forskjellen på essensielle og ikkje-essensielle aminosyrer?

Kvifor er det ikkje dei same aminosyrene som er essensielle og ikkje-essensielle hos ulike dyr?


Denaturering – protein blir øydelagde

Fasongen til proteinet blir bestemt av mellom anna mellom aminosyrene. Bindingane blir påverka av temperatur, pH og kjemikaliar, og gjer at proteinet endrar form. Dermed vil ikkje proteinet fungere som det skal. Vi seier at proteinet blir denaturert. Når vi steiker egg, blir proteinet i eggekviten denaturert. Dette kan vi sjå ved at eggekviten blir kvit.


Proteinstruktur

Kjeder av aminosyrer som enno ikkje er ferdige protein, kallar vi polypeptidkjeder. Desse kjedene blir kveila opp på fleire ulike måtar og dannar mange ulike protein. Det er rekkefølga av aminosyrene og lengda på polypeptidkjeda som avgjer korleis kjeda skal kveile seg opp, og kva eigenskapar proteinet skal få. Rekkefølga og utvalet er bestemt av gen i DNA-et vårt. Ei feil aminosyre i rekka kan gjere at proteinet ikkje verkar slik det skal.

Kjelder

Gjefsen, T. (2016). Fôringslære. Fagbokforlaget.

Norsvin. (2018, 22. august). Utnytt grisens tilvekstpotensiale. https://svineportalen.no/%E2%80%89utnytt-grisens-tilvekstpotensiale/

Openstax. (2020, 18. januar). Proteins. Henta 8. mai 2020 frå https://openstax.org/books/biology-2e/pages/3-4-proteins

Skrive av Øyvind Bønes, Thomas Bedin, Bjørg E. B. Aurebekk og Ingrid Ellen Resell. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 26.04.2023