Presisjonslandbruk
Film om presisjonslandbruk
I filmen (lengde 5:55) blir vi med når GPS og autostyring blir brukt i arbeidet på åkeren med traktor.
Oppgåver
Kva blir GPS og autostyring brukt til i presisjonslandbruk?
Kva siktar ein til med ei A-B-linje?
Kva er hovudformålet med seksjonskontroll?
Nemn to fordelar med å bruke rette, faste køyrespor.
Kva innsatsfaktorar kan du spare ved å bruke presisjonslandbruk?
Kvifor er det viktig å legge inn rett reiskapsbreidde i systemet?
Tenk deg at du skal spreie gjødsel på ein åker. Korleis vil seksjonskontroll hjelpe deg i arbeidet?
Kva type køyrespor ville du ha brukt i ein åker med ujamne kantar? Grunngi svaret ditt.
Kvifor gir ikkje bogeforma køyrespor same presisjon som rette spor?
Vurder i kva grad presisjonslandbruk bidreg til eit meir berekraftig landbruk.