Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Lagring av korn

Du kan levere kornet ditt direkte til eit kornmottak, eller du kan lagre det på garden. Det viktigaste når du skal lagre kornet sjølv, er å sørge for lågt vassinnhald i kornet og ein lagringstemperatur som er under 10 gradar.

Lagring av kornet

Kornet kan du lagre på din eigen gard, eller du kan levere det direkte til eit kornmottak eller ei mølle.

Lagre på eigen gard

Om du skal lagre det på garden, må du ha ei korntørke som er spesialbygd til dette formålet. Å bygge korntørke er ei stor økonomisk investering, og du har sjølv ansvaret for å følge med slik at lagringsforholda er gode fram til du leverer kornet. Kornlageret skal vere beskytta mot insekt og andre skadedyr, og i tillegg bør det vere reint og tørt når treskesesongen startar. Ein fordel med eiga korntørke er at du kan få betre betalt for kornet, men samtidig har du utgifter til tørking.

Levere direkte til kornmottak eller mølle

Dersom du ikkje har eiga korntørke, må du levere det til eit kornmottak eller ei mølle etter kvart som du tresker. I periodar der vêret er fint og treskeforholda er gode, kan det bli kø og leveringsstopp på desse mottaka. Det kan føre til at du må stoppe innhaustinga av kornet sjølv om det er modent og forholda elles ligg til rette. Ein slik stopp i innhaustinga kan du unngå viss du kan lagre noko av kornet på eigen gard.

Gode lagringsvilkår

Lagringstid er ein funksjon av temperatur og vassinnhald. Med ein gong éin av desse parametrane aukar, aukar risikoen for varmgang eller angrep av mugg og annan sopp. Eit soppangrep gir dårleg kvalitet på kornet, mens varmgang betyr at temperaturen i kornet aukar slik at kornet spirer på lageret. Både soppangrep og varmgang vil øydelegge kornet.

Vassinnhald

Eit vassinnhald på 14–15 prosent i kornet er eit godt utgangspunkt for lagring, då minimerer vi risikoen for mugg og annan sopp, og kornet kan lagrast over lang tid. Det er ikkje uvanleg å treske korna når vassinnhaldet er over 14–15 prosent, då må vi tørke kornet på ei korntørke før lagring.

Temperatur

Ein temperatur under 10 gradar er eit godt utgangspunkt, då kan kornet lagrast over lang tid. Ved temperatur under 10 gradar er faren for varmgang minimal.

Oppgåver til figuren

  1. Kva to parametrar har noko å seie når du skal lagre korn?

  2. Kva bør verdien på desse to parametrane vere for sikker lagring?

  3. Temperaturen på kornlageret er 12 gradar, og kornet inneheld 15 prosent vatn. Kan du lagre kornet slik over tid?

  4. Kornet ditt inneheld 17 prosent vatn. Kva bør temperaturen vere om dette kornet skal lagrast over lang tid?

Kjelder

Norsk institutt for bioøkonomi. (u.å.). Kornet er i hus. Henta 8. mai 2023 frå https://innlandet.nlr.no/files/documents/Fagforum-Korn/Temaark/Temaark-6-Kornet-er-i-hus.pdf

Northern Periphery and Arctic Programme. (u.å.). Tørking av korn etter høsting. Retningslinjer. Henta 8. mai 2023 frå https://cereal.interreg-npa.eu/subsites/CEREAL/Grain_Drying-Guidelines-InNorwegian_NPA-Cereal-DT223.pdf

Skrive av Anne Langerud.
Sist oppdatert 27.03.2023