Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Klima og miljø i landbruk og gartnarnæring

Oppgåve

Klimaspillet

I dette klimaspelet skal du prøve å drive ein gard så med så låge klimagassutslepp som mogleg. Vurder klimatiltak og produksjonar, og vurder kva som er mest effektivt, lettast å gjennomføre og gir best økonomi. Kor klimavennleg blir garden din?

Bli kjend med garden og utsleppa

Før du startar, er det lurt at du gjer deg litt kjend med spelet. Gå inn på nettsida under og gjer deg kjend med menyar og val.

Klimaspillet – lag din egen klimaplan

Garden

Her vel du produksjonar. Du kan justere talet på dyr i dyreproduksjonane og arealet for planteproduksjonane. Viss du vil ha fleire detaljar, vel du "Vis detaljar" i menyen nedst på sida.

Tiltaka dine

I menyane på kvar side kan du velje aktuelle tiltak. Tiltaka som blir viste, heng saman med kva produksjonar du har valt under "Gården".

Viss du ikkje har eigne tal, kan du velje "Standard" frå menyen nedst på sida.

Klimaavtrykket til garden

Her får du oversikt over klimaavtrykket til garden før du har valt tiltak. I det du vel tiltak, vil du få opp kor mange tonn CO2e tiltaka dine reduserer klimaavtrykket med. Tala blir òg viste visuelt som utslepp tilsvarande laste- og personbilar.

For å få oversikt over korleis utslepp og kutt fordeler seg i dei ulike produksjonane, vel du "se fordeling her" under "Tiltak".

Det er òg mogleg å få detaljar om kvar enkelt produksjon for seg. Vel det biletet som viser den aktuelle produksjonen. Denne funksjonen er tilgjengeleg frå fleire stader i spelet.

Tips!

  • For å komme tilbake til startsida vel du på hus-ikonet øvst til venstre.

  • Oppgåvene til spelet finst som eiga wordfil for utskrift lenger ned på denne sida.

Oppgåve 1. Utgangpunktet

  1. Vel produksjonar og legg inn tal.
    Start med å velje kva dyre- og planteproduksjonar garden har. Legg inn aktuelle tal for gardsbruket eller bruk tala som ligg inne når du opnar spelet.

  2. Noter startverdiar. Skriv ned

  • totalutslepp før tiltak (tonn )

  • eventuelle andre nøkkeltal du meiner er viktige (til dømes produksjonsomfang)

Oppgåve 2. Finn dei største utsleppskjeldene

Kartlegg fordelinga av utslepp.

  1. Gå inn på "sjå fordeling her" (som du finn under "Tiltak").

  2. List opp dei tre største utsleppskjeldene.

  3. Forklar kvifor desse kjeldene er store.

Oppgåve 3. Tiltak i éin dyreproduksjon

Vel éin dyreproduksjon.

  1. Test eit og eit tiltak.

    1. Skru på eit tiltak om gongen under vald produksjon.

    2. For kvart tiltak noterer du

      • nytt totalutslepp

      • endring i tonn CO2e

      • endring i prosent (rekn ut)

    Test minst tre tiltak.

  2. Ranger tiltaka.

    Lag ei rangering frå mest til minst effektive tiltak i produksjonen din. Grunngi rangeringa med

    • effekten klimatiltaket har

    • kor enkelt det er å gjennomføre i praksis

    • moglege bieffektar (dyrehelse, økonomi, arbeidsmengd)

  3. Presenter resultata i ein tabell.

Oppgåve 4. Ulike strategiar

Samanlikn to ulike strategiar.

  1. Drøvtyggarfokus

    • Vel tiltak under "Melk og ammeku" og "Sau".

    • Vel få energi- eller dieseltiltak.

  2. Teknologifokus

    • Vel tiltak under "Energi og plast", "Diesel" og "Gjødselhåndtering".

    • Vel få fôr- eller avlstiltak.

Gjennomfør kvart av tiltaka, og samanlikn resultata.

  • Kva strategi gir størst reduksjon?

  • Kva strategi er mest realistisk på ein gard i området der de bur?

  • Kva skjer med produksjon/ressursbruk i kvar strategi?

Oppgåve 5. Areal og planteproduksjon

Test tiltak på jord og korn/eng.

  1. Test minst to tiltak frå "Økt plantedekke".

  2. Noter kva effekt dei har på klimaavtrykket.

  3. Korleis påverkar tiltaka jordstruktur, erosjon og avlingar?

Oppgåve 6. Lag ein klimaplan

Lag ein klimaplan for garden der det er ein god balanse mellom utslepp av klimagassar, drift og økonomi. Ta utgangspunkt i eksempelgarden.

  1. Lag planen i spelet.
    Lag ein plan der du reduserer klimagassutsleppa med 20 prosent frå utgangspunktet. Du kan bruke tiltak på tvers av produksjonar.

  2. Dokumenter resultatet.
    Noter

    • kva tiltak du valde

    • nytt totalutslepp

    • reduksjon i tonn CO2e og %

  3. Vurder kvart tiltak.
    For kvart tiltak svarer du kort:

    • Kva krev tiltaket i praksis på garden?

    • Er det behov for nye investeringar, ny kompetanse eller nytt utstyr?

    • Kva risikoar er knytte til tiltaket?

  4. Presenter planen for andre.
    Presenter planen din for ein klimagard. Vel ut funn frå oppgåvene over, og lag ein presentasjon for dei andre i klassen.

    Få med det følgande:

    • Kva var utgangspunktet på garden?

    • Kva var dei tre viktigaste utsleppskjeldene?

    • Kva tiltak har du prioritert, og kvifor?

    • Kva effekt forventar du at tiltaka har?

  5. Diskuter i klassen. Ut frå planane som er presenterte, kva er dei fem beste tiltaka?

Oppgåvene som wordfil

Kjelde

Grønt kompetansesenter Mære og Skjetlein. (2025). Klimaspillet. Henta 9. desember 2025 frå https://planteinfo.no/klimaspill.php

Skrive av Thomas Bedin og Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 10.12.2025