Grashausting

Direkte- eller totrinnshausting
Vi skil mellom direktehausting og totrinnshausting. Ved direktehausting blir graset slått og frakta av enga i ein og same arbeidsoperasjon. Ved totrinnshausting blir graset først slått for så å bli samla opp og frakta av enga i ein annan arbeidsoperasjon.
Døme på utstyr til hausting av grovfôr
Når enga blir hausta, bruker vi ei rekke ulike maskiner og utstyr. Kva vi bruker, kjem an på kva slags grovfôr vi skal produsere, og korleis det skal bli konservert. Ulike former for totrinnshausting er det vanlegaste, men nokre vel å direktehauste. Vi skal sjå nærare på nokre maskiner og utstyr til grashausting.
Direktehausting
Å direktehauste betyr at vi slår og samlar opp graset i same operasjon og køyrer det direkte av enga for konservering. Då bruker vi ein fôrhaustar/slaghaustar kopla på traktoren. Han slår graset og blæs det direkte opp i ein hengar som heng etter traktoren. Vidare blir graset køyrt til konservering i plansilo eller tårnsilo. Ved denne haustemetoden blir ikkje graset tørka noko før det blir konservert, og vi må ha eit opplegg for oppsamling av silosaft/pressaft som vil renne av frå siloen fordi det er så mykje fukt i graset.
Denne haustemetoden bruker vi òg ved det vi kallar nullbeiting. Då blir det ferske graset køyrt direkte til fôrbrettet i staden for til konservering. Når areala ligg langt frå fjøset, kan vi køyre inn ferskt gras til dyra i staden for at dyra blir sleppte ut på beite.
Totrinnshausting
Totrinnshausting kan vi gjere på mange ulike måtar, men slåmaskina er ofte det første trinnet. Etter slått føretrekker mange å fortørke graset litt før det blir frakta inn på ein eller annan måte. Til totrinnshaustinga blir det brukt ulikt utstyr og maskiner.
Slåmaskin
Først må vi slå enga. Dette gjer vi med slåmaskiner festa på traktoren. Det finst mange ulike typar slåmaskiner, med ulike finessar og funksjonar og av ulik storleik. Slåmaskina kan vere frontmontert, slepemontert eller trepunktsmontert. Nokre køyrer med det vi kallar butterfly, det vil seie ei slåmaskin framfor og ei på kvar side. Med ei slik løysing kan du slå opp mot ti meter i breidda når du køyrer.
Med eller utan stengelbehandling
Slåmaskina kan vere utstyrt med stengelbehandlar, eller crimper som mange kallar det. Stengelbehandlaren slår sund grasstenglane, og strengen med gras bak slåmaskina blir luftigare. Derfor gir stengelbehandling raskare fortørking. Skal du fortørke graset i streng, altså utan å spreie graset med spreierive, er det nesten nødvendig med stengelbehandling.
Film om grashausting (4:39)
Sjå frå 2:26 til 3:00 i filmen under om kva stengelbehandling gjer med graset.
Spreierive
Etter at graset er slått, kan vi køyre over med ei spreierive. Ei spreierive heng etter traktoren og løftar opp, snur og spreier graset utover slik at det tørkar mykje jamnare og raskare enn om det ligg i streng. At fortørkinga går raskt, er ein fordel fordi vi bevarer meir energi og næring i fôret. Om du har behov for spreierive avheng litt av kor energirikt fôr du skal lage, og korleis graset skal lagrast. Har du mjølkekyr, som har behov for eit energirikt grovfôr, bør du sørge for rask fortørking, og du bør investere i ei spreierive. Det same gjeld om du skal du lagre fôret som høy eller høyensilasje.
Samlerive
Bruk du spreierive, er det nærast nødvendig å ha ei samlerive. Når graset er spreidd og vi har fått ønskt tørrstoffprosent (altså tørka så mykje som vi ønsker), blir det samla i rankar med ei samlerive. Samleriva heng etter traktoren og har rotorar som roterer med tinder som rakar graset saman i rankar. Dei kjem i ulike breidder, avhengig av om dei har ein, to eller fire rotorar. Kor brei samlerive vi køyrer med, kjem an på kor mykje gras vi vil samle i kvar ranke, og det igjen kjem an på kva slags utstyr vi skal køyre graset inn til lagring med etterpå. Storleiken er sjølvsagd òg eit økonomisk spørsmål.

Rundballepresse
Til produksjon av surfôr er lagring i rundballar vanleg. Ei rundballepresse heng etter traktoren, plukkar opp graset frå jordet og pressar det til rundballar. Når rundballen har fått ønskt storleik, blir det lagt netting eller breiplast utanpå for å halde ballen saman. For at grovfôret skal kunne konserverast og lagrast, blir rundballane pakka inn i fleire lag plast etter pressing. Dette kan gjerast med ein separat rundballepakkar, eller det kan bli gjort i ein og same operasjon om vi køyrer med ei kombipresse. Ei kombipresse både pakkar rundballen og legg plast på etterpå. Dei ferdig pakka rundballane blir henta frå enga og stabla der dei skal lagrast, helst straks etter pakking.

Fast eller variabelt kammer i rundballepressa
Fast kammer
Rundballepressene kan ha anten fast eller variabelt kammer, det vil seie at rundballen anten blir pressa til ein fast diameter, eller at diameteren på rundballen kan variere. På presser med fast kammer er det mange rullar i ein sirkel som formar og komprimerer rundballen, men desse vil ikkje komprimere graset i rundballen før kammeret er nesten heilt fylt opp. Vi får derfor ein mjukare kjerne på ein rundballe som er pressa med ei rundballepresse med eit fast kammer.
Variabelt kammer
På rundballepresser med eit variabelt kammer er det belte av gummi som komprimerer og formar rundballen. Desse vil begynne å komprimere graset heilt frå starten av pressinga. Dette er ein fordel for konserveringa av fôret i rundballen fordi det blir mindre luft inne i rundballen. Det er òg moglegheiter for å justere trykket i desse rundballepressane, noko som kan vere aktuelt ved ulike typar fôr og avhengig av kva forhold vi køyrer i. På rundballepressene med variabelt kammer kan ein presse rundballar med diameter opp til 1,9 meter. Pressene med variabelt kammer er ikkje så gode i våte forhold.
Høyballar
Høy skal ha ein tørrstoffprosent på over 82 prosent og bli lagra tørt. Høyet kan lagrast laust, men det er òg vanleg å presse det i firkantballar. Til dette bruker vi ei firkantballepresse. Kvar firkantballe blir halden saman av to snøre.

Hausting med finsnittar eller lessevogn
Som alternativ til å lagre surfôr i rundballar kan vi legge fôret i tårn- eller plansilo. Då plukkar vi opp graset i rankane etter samleriva og køyrer det til siloen for konservering. I ein plansilo blir graset lagt i stakk/haug, godt pakka og dekt med plast. Dette sparer mykje plast samanlikna med å pakke fôret i ballar, og det er ein effektiv måte å hauste og konservere store mengder fôr på.

Sjølvgåande finsnittar
Ein metode for å få graset frå enga og til siloen er å hauste det med ein sjølvgåande finsnittar. Dette er ei stor maskin som plukkar opp graset i rankane, snittar/kuttar det i små bitar og blæs det vidare over i ein hengar som blir køyrd med traktor ved sida av finsnittaren. På veg gjennom finsnittaren kan det bli tilsett ensileringsmiddel til graset. Det er vanleg at det er fleire traktorar med hengarar i arbeid, slik at det alltid er ein hengar ved sida av finsnittaren, mens andre tømmer lasset i plansiloen. Dette er ein effektiv innhaustingsmetode, og vi kan rekke over store areal på kort tid. Samtidig er dette stort og dyrt utstyr, og det krev mange folk i arbeid samtidig.

Finsnittar kopla til traktoren
Alternativ til ein sjølvgåande finsnittar er finsnittar som er kopla til traktoren. Denne snittar graset og blæs det opp ei avlessarvogn som heng bak. Her kan det òg bli tilført ensileringsvæske under snitting. Ei avlessarvogn har belte som driv graset bakover og ut i siloen.
Lessevogn
Du kan òg bruke ei lessevogn til å plukke opp graset frå enga med og køyre det til siloen. Denne er utstyrt med ein pickup som er lik den vi finn på både rundballepressa og finsnittaren. Etter pickupen går graset gjennom eit kutteorgan som har mange knivar og stor kapasitet til å ta unna store mengder gras. Nyare modellar av desse har no fått automatisk sliping av knivane, noko som sikrar god kutting av graset. Dette er viktig for å få god pakking i siloen.
Etter at graset er kutta, blir det flytta bakover i lessevogna ved hjelp av eit botnbelte. Når vogna er full, blir ho køyrd tilbake til siloen der botnbeltet tømmer lessevogna. Graset kan bli lagt ut i ein stor haug, men det kan òg vere ulike type spreiarar monterte på lessevogna slik at graset blir jamt fordelt i siloen og er klart til pakking.
Diskusjonsoppgåver
Tenk gjennom, og diskuter med medelevar:
Kva slåttetidspunkt ville du valt for fôr til mjølkeku, ammeku, sau og hest? Grunngi svaret.
Viss du hadde to hestar du skulle kjøpe fôr til, kva slags grovfôr og kva konserveringsform ville du valt? Grunngi svaret.
Viss ein har mjølkeku og skal produsere surfôr, kvifor trur du det er slik at ikkje alle vel å hauste det med finsnittar og lagre fôret i silo, når vi har lært at det er det mest effektive?
Oppgåve om reiskap
I denne artikkelen er det omtalt fleire typar reiskapar.
Set opp ei liste over reiskapane som er nemnde i artikkelen.
Skriv ned kva kvar enkelt reiskap blir brukt til.
Søk på internett etter bilete og filmar som viser dei ulike reiskapane i bruk.