Dyrevelferdslova - Produksjon og tenesteyting (NA-LGA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Dyrevelferdslova

Dyrevelferdsloven inneholder bestemmelser om hvordan mennesker skal behandle dyr. Lova seier at dyr har eigenverdi uavhengig av nytteverdien dei måtte ha for menneske.

Fokus på individet

Konsekvensen av dyrevelferdslova er mellom anna at vi ikkje kan måle dyrevelferd på gruppenivå. Ein kan ikkje seie at "denne flokken har god velferd", men ein kan seie "alle individa i denne flokken har god velferd" (dersom det er riktig). Ein må alltid ha fokus på dei individa i ei gruppe som har dårlegast velferd, og tiltak kan omfatte endringar i miljø, stell, sosial gruppering, åtferda til mennesket og så vidare.

Kompetansekrav

Noko av det viktigaste i den nye lova er krav til kompetanse og kunnskapar om dyret hos alle som har ansvar for dyr (§ 6). Dette gjeld like mykje for husdyrbønder som for selskapsdyreigarar. Som yrkesutøvar med dyr blir det kravd spesiell kompetanse.

Forvaltning av dyrevelferdslova

Mattilsynet forvaltar lova. Det betyr at dei fungerer som kontrollorgan og gjennomfører besøk og har samarbeid med bønder, dyrehagar og andre som held dyr.

Mattilsynet jobbar med rettleiing innan dyrevelferd. Du kan finne enkle brosjyrar om dyrehald på Mattilsynet sine nettsider.

Varslingsplikt

I tillegg har alle menneske i Noreg ei allmenn varslingsplikt dersom dei opplever at dyr ikkje blir haldne forsvarleg (§ 5).

Dette inneber å varsle om unormale hendingar, uforsvarlig levemiljø, sjukdom, skader, svolt og annan vanskjøtsel av dyr. Nettopp fordi vi har ei slik allmenn meldeplikt, er det viktig å setje seg inn i og lære om åtferda til dyr. På denne måten kan ein førebyggje mangel på kunnskap og kompetanse og legge opp til eit godt og trygt dyrehald. Dyrevelferdslova set òg krav til dyrs levemiljø, avl på dyr, korleis dyr skal avlivast og mykje anna.

Dersom du oppdagar tilhøve som gir grunn til bekymring, kan du bruke varslingsknappen på nettsidene til Mattilsynet.

Om lova

Lova ligg under Landbruks- og matdepartementet. I forarbeidet til lova er det presisert at "avgjørelsen om hva som er god dyrevelferd skal i størst mulig grad bero på vitenskapelig grunnlag". Dette inneber forsking utført av etologar på åtferda til dyr, dei individuelle vala deira og preferansar, måling av stress og emosjonar og så vidare.

Departementet er einig i at dyrevelferd handlar om korleis det individuelle dyret har det, og det er definisjonen til Etologigruppen ved NMBU av som er gjeldande for korleis vi skal forstå omgrepet dyrevelferd i Noreg.

"Dyrevelferd er individets subjektive opplevelse av sin mentale og fysiske tilstand som følge av dets forsøk på å mestre sitt miljø." (Landbruks- og matdepartementet, 2009, s. 19)

Kjelde

Landbruks- og matdepartementet. (2009). Om lov om dyrevelferd (Ot.prp. 15 (2008–2009)). Henta frå https://www.regjeringen.no/contentassets/4c83935a183e45ea92761d8b864383dd/no/pdfs/otp200820090015000dddpdfs.pdf

Relatert innhald

Fagstoff
Kompetansekrav for å arbeide med dyr

Styresmaktene stiller strenge krav til kompetanse for deg som skal jobbe med dyr. Kompetanse er den viktigaste faktoren for å fremje dyrevelferd.

Skrive av Hanne Amundsen og Randi Helene Tillung. Rettshavar: Foreningen Norske Etologer
Sist fagleg oppdatert 01.03.2023