Rakettomn – liten

Liten rakettomn
For å lage din eigen rakettomn må du meistre både skjering og sveising av metall.
Denne rakettomnen skal lagast av firkantstål og vanleg platemetall. Hugs alltid å følge HMS-reglane, og at du må ha dokumentert sikkerheitsopplæring for å bruke dei ulike verktøya.
Dette er ein vedomn som kan utvikle mykje varme, så vel derfor materiale som toler varme.
Før du bruker omnen, må du vere sikker på at han står støtt og ikkje kan velte.
Sjå òg filmserien vår om produksjon av ein noko større rakettomn.
Filer
Her kan du laste ned ei ferdig arbeidsteikning til rakettomnen i PDF-format og 3D CAD-filer i STEP- og F3D-format. Desse kan du opne i dataprogrammet ditt og gjere dine eigne endringar og tilpassingar i.
- Liten rakettomn(STEP)
- Liten rakettomn(F3D)
Relatert innhald
Sveis din eigen rakettomn, eit enkelt og nyttig prosjekt der du kan prøve deg fram med grunnleggande sveiseteknikkar.
I denne filmserien lærer du saging og sveising ved å produsere ein rakettomn. Tek du utfordringa?