Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Ugras i grasmark

Ugras i grasmark konkurrerer med kulturplantene om plass, lys, vatn og næring. Mykje ugras gjer både storleiken og kvaliteten på avlinga dårlegare, og det gir dårlegare økonomisk utbytte. Det er viktig å kjenne dei ulike ugrasartane og å kunne setje inn rette tiltak for å halde enga i god stand.

Fleirårige eller spiring frå frø

Vi skil mellom fleirårige ugrasartar og dei ugrasartane som spirer frå frø i gjenlegget, og som gjerne døyr den første eller andre hausten. Dei ugrasartane som spirer frå frø, er ofte dei vi finn igjen i kornåkeren, mens dei fleirårige, som anten har spirt frå frø i jorda eller frå vegetative plantedelar, ofte dominerer i grasmark.

Kjemisk plantevern

I gjenleggsåret er det som oftast nødvendig å bruke kjemisk plantevern for å få den varige grasmarka til å etablere seg godt. Alternativet er å bruke dekkvekst (til dømes korn eller raps) for å halde ugraset nede til graset får etablert seg.

Fleirårige artar

Forutan eit par vintereittårige og toårige ugrasartar er det i hovudsak dei fleirårige ugrasartane vi kan få problem med i grasmarka. På grunn av måten dei veks på, kan enkelte ugrasartar få visse fordelar i forhold til kulturgraset, til dømes krypsoleie (fuktige forhold), tunrapp og knereverumpe (fuktig og pakka jord).

Spirt frå frø. Einfrøblada og tofrøblada planter

Einfrøblada planter har fått namnet sitt fordi spira har eitt blad. Hos tofrøblada planter har spira to blad. Grasartane høyrer til dei einfrøblada artane, mens til dømes løvetann er tofrøblada.

Dei tofrøblada ugrasartane kan vi (i motsetning til dei einfrøblada) forholdsvis enkelt nedkjempe kjemisk om dei tek overhand i grasmarka. Det er vanskeleg å handtere ugrasartar i grasfamilien, sidan vi ikkje kan behandle dei kjemisk i eng og beite. Dette er artar som sølvbunke, tunrapp, knereverumpe og kveke. Kjemiske middel drep òg kulturplantene vi dyrkar. Derfor er det viktig å førebygge ugras i størst mogleg grad.

Er det nok grasartar i enga, kan vi oppnå ei vellykka kjemisk behandling dersom ikkje kalktilstand, næringstilgang eller vasstilgang er minimumsfaktorar.

Førebyggande tiltak

Viss vi vil unngå å sprøyte med kjemiske middel, er det heilt nødvendig med gode og effektive førebyggande tiltak for å få ei god og sikker etablering i grasgjenlegget. Slike tiltak er:

  • godt drenert jord
  • rett kalktilstand
  • god jordarbeiding (pløying, slodding og harving) som gir eit godt såbed
  • grunn såing, 1–2 cm
  • å hindre frøspreiing frå kantareal og gjennom husdyrgjødsel
  • å bruke dekkvekst med redusert såmengde

Godt plantedekke med robuste kulturplanter i engåra er den beste måten å halde ugraset i sjakk på.

Vanlege ugrasartar i grasmark

Denne presentasjonen gir ei oversikt over biologi og førebygging av nokre vanlege ugrasartar.

Diskuter

  • Kva er årsaka til at det ofte er andre typar ugras i ei grasmark enn i til dømes ein kornåker?
  • Kva slags ugras er mest vanleg i grasmark i distriktet rundt skulen?

Relatert innhald

Ugras

Her lærer du kva ugras er, korleis vi grupperer dei ulike typane ugras, og korleis vi kan førebygge og kjempe mot ugraset.

Skrive av Gjert-Are Valberg .
Sist oppdatert 26.11.2025