Verktøy og mal
Lag ein smittevernplan
Ein smittevernplan skal beskrive dei rutinane du har for å sikre godt smittevern i husdyrhaldet ditt. I denne vegvisaren går du gjennom punkt for punkt og lagar smittevernplanen din.
Alle som driv med næringsretta dyrehald, skal ha gode rutinar som sikrar godt smittevern. Ein smittevernplan er ein skriftleg plan som fortel korleis du varetek smittevern i husdyrhaldet ditt.
I denne vegvisaren kan du lage ein plan som er tilpassa dyrehaldet på skulen din, eller på ein annan gard der du er godt kjend.
Bruk gjerne KLS-standarden for å finne dei sjekklistene som gjeld for produksjonen på garden din. Du finn KLS-standarden på nettsidene Kvalitetssystem i landbruket.