Slik lodder du - Produksjon og tenester (TP-TIP vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Slik lodder du

Lodding er ein metode der øving kan gi loddeforbindelsen dobbel styrke. Prøv ut metoden i verkstaden. Loddet har lågare smeltetemperatur enn materiala som skal føyast saman.
Lodding. Video: Terranova Media / CC BY-SA 4.0

Mjuk- eller blautlodding

Mjuk- eller blautlodding er namnet på prosessen dersom det blir brukt tinn eller tinnbasis som lodd. Smeltetemperaturen er då under 450 °C.

Hardlodding er namnet dersom loddet smeltar i området 600−1100 °C. Nødvendig utstyr er eit sveise- eller loddebend som finst i aktuelle produktkatalogar.

Loddetinn er ei legering mellom tinn og bly. Enkelte gonger er det òg tilsett sølv og flussmiddel. Reint bly har ein smeltetemperatur på 327 °C. Reint tinn har ein smeltetemperatur på 232 °C.

Hardlodding kan delast inn i lodding med kapillarverknad og sveiselodding med større fuger.

Kapillarverknaden

Når ein føyer saman overlapping av plater og røyrforbindelsar, utnyttar ein sugeeffekten som oppstår i tronge spalter når overflatespenningane blir nøytraliserte ved hjelp av flussmiddelet. Når arbeidsstykket oppnår smeltepunktet til loddematerialet, vil kapillarkrafta medføre at loddematerialet flyt inn gjennom heile samanføyinga. Ved røyrforbindelsar vil loddematerialet flyte rundt heile omkrinsen til røyret.

Tre typar loddemetodar:

  • Blautlodding − med smeltetemperatur opp til 450 °C
  • Hardlodding − med smeltetemperatur frå 450 °C til cirka 1100 °C
  • Sveiselodding − med temperatur frå cirka 1000 °C

Til oppvarming nyttar ein ei varmekjelde som ganske raskt får grunnmaterialet og loddematerialet opp i riktig temperatur: loddebolt, propanbrennar, induksjonsvarme og sveisebrennar.

Flussmiddelet

Sjølv om overflatene som skal føyast saman, er pussa og «metallisk reine», må ein påføre eit flussmiddel for å bryte ned overflatespenningar og oksydlag som blir danna på nytt. I figuren ser du i del A korleis resultatet blir med ei reingjord plate utan at det blir påført flussmiddel. Loddematerialet vil ikkje få riktig kontakt med grunnmaterialet og bli liggjande som «flytande perler» oppå utan å få vedheft.

I figur B ser du at situasjonen blir annleis når det blir påført eit flussmiddel (og det av riktig type) på ei reingjord plate før loddematerialet blir påført. Overflatespenningane blir oppheva slik at loddematerialet flyt ut på metalloverflata.

Som nemnt må flussmiddelet stemme med typen grunnmateriale som skal loddast. Flussmiddelet finst som belegg utanpå eller innvendig i sjølve loddematerialet. Alternativt kan flussmiddelet vere eit separat pulver eller ein pasta som ein påfører grunnmaterialet saman med loddematerialet.

Film om lodding frå YouTube

Skrive av Industriskolen og Haldor Hove. Rettshavar: Industriskolen
Sist fagleg oppdatert 27.07.2021