Oppgave
Oppgåver om falske nyheiter
- Skjermdumpen viser eit oppslag som vart lagt ut på Facebook i mars 2017. I løpet av åtte timar vart det delt 3300 gonger på nettet. Mange tok det som ei faktisk nyheit. Ta utgangspunkt i den typifiseringa som Bente Kalsnes har laga av falske nyheiter. Kva type meiner du dette oppslaget tilhøyrer? Grunngi svaret. Del det du har komme fram til, med ein medelev og til slutt med heile klassen.
- NRKs etikkredaktør Per Arne Kalbakk seier i eit intervju med NRK følgjande om innlegget:
– Jeg skal ikke påberope meg som fasiten, men jeg oppfattet innlegget som tull. Det er heller ikke en sak, men et bilde med tekst.
Etikkredaktøren peikar på at det i posten blir skrive «NBT» og «IQ-partiet De Grønne», som han meiner peikar i retning av at oppslaget er reint oppspinn. Han viser så til NRK sin definisjon av falske nyheiter: «Falske nyheter er nyheter som bevisst er funnet på eller forvrengt med hensikt. En falsk nyhet vil ofte se ut som en vanlig nyhetssak, men det som står der har aldri skjedd.»
– Ut ifra denne definisjonen er det ikke en falsk nyhet, men satire som har blitt misforstått. Det er ingen tvil om at mange misforsto den, og da er det som regel slik at satiren bør merkes tydeligere, sier Kalbakk.
Er du einig eller ueinig med Kalbakk her? Kvifor? / Kvifor ikkje?
Les og sjå kva norske politikarar meiner er falske nyheiter: Slik definerer norske politikere falske nyheter (nrk.no).
- Korleis definerer talspersonane for dei norske politiske partia omgrepet falske nyheiter?
- Kva skilnader er det i korleis dei ulike politikarane definerer omgrepet?
- Korleis vil du forklare desse eventuelle skilnadene?
- Samanlikn politikarane sine definisjonar med NRK sin definisjon. Finn du nokon skilnad?
- Kva politikarar legg seg nærmast NRK sin definisjon?
Les denne artikkelen frå #virkelighetskrigen i NRK: Der falske nyheter skaper ekte stolthet
- Plukk ut 3 moment som du meiner er viktige i denne artikkelen.
- Plukk ut 2 moment som du synest var vanskelege å forstå.
- Plukk ut 1 moment som du ønskjer å lære meir om.
- Tenk over kvar og korleis du kan lære meir om dette.
- Del tankane dine med ein medelev.