Mediemakt: Dagsorden og portvaktfunksjon - Produksjon og historieforteljing (IM-IKM vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Mediemakt: Dagsorden og portvaktfunksjon

Media speler ei viktig rolle i demokratiet, samtidig har dei stor makt i samfunnet vårt. Nyheitsmedia set dagsorden og har stor innverknad over kven som skal komme til orde i offentlegheita. Sosiale medium har endra maktforholda i offentlegheita.

Media set dagsorden

Mykje av det vi ser og høyrer i media, vil kome til å oppta oss. Når media lagar nyheitsoppslag om til dømes arbeidsløyse eller sjukehuskutt, blir det raskt eit samtaleemne. Pressa set dagsorden. Det betyr at media er med på å bestemme kva saker publikum blir oppteke av.

Dersom ein nyheitsredaksjon publiserer ei nyheit om eit lokalt sjukehus som står i fare for å bli nedlagt, blir dette raskt ein "snakkis" i lokalmiljøet. Saka får merksemd og blir sett på dagsordenen.

Det ligg mykje makt i å velje ut kva saker som skal prege nyheitsbiletet. Massemedia når eit stort publikum og påverker kva folk er opptatt av og korleis. Gjennom dagsordenfunksjonen har media stor innverknad på samfunnet vårt.

Media sin portvaktfunksjon

I norske medieredaksjonar skjer det dagleg ei prioritering av stoff. Vi seier at media har ein portvaktfunksjon. Media har makt til å bestemme kva og kven som slepper til i offentlegheita. Kva hendingar skal bli til nyheitssaker, korleis skal sakene presenterast, og kva stemmer skal sleppe til? Dette er spørsmål som får konsekvensar for kva bilete som blir presenterte av samfunnet.

NRK-programmet Debatten tek opp dagsaktuelle tema i beste sendetid. Redaksjonen fungerer som ei portvakt og har stor innverknad over kven som kjem til orde i samfunnsdebatten. Mange saker og kjelder blir prioriterte bort og får dermed ikkje merksemda til offentlegheita. Ei sak om samferdsel og bompengar blir kanskje prioritert bort til fordel for ei sak om spelavhenge.

Portvakta til barna

Barn og unge er eksempel på grupper som sjeldan blir framstilte og representerte i media. Formålet til Supernytt på NRK er å gi barn og unge ei stemme. Programmet skal gi eit bilete av det som skjer i Noreg og verda på ein måte som treffer barna. Dette er ei viktig oppgåve. Korleis sakene her blir presenterte, kan påverke korleis barn og unge forstår viktige samfunnsspørsmål.

Supernytt-redaksjonen publiserer òg videoar på TikTok. Plattforma, som er spesiallaga for korte videoar med fengjande musikk, engasjerer barn og ungdom. Gjennom TikTok kan Supernytt kome i kontakt med dei unge.

Tenk over

Korleis kan denne videoen påverke barn og ungdom?

Sosiale medium og makt

Utbreiinga av sosiale medium har endra maktforholda i offentlegheita. Før inntoget av internett var det dei tradisjonelle media som fungerte som hovudarena for den offentlege debatten. I dag går mykje av samfunnsdebatten føre seg på sosiale medium. Her kan kven som helst spreie meiningsytringane sine.

Vi er ikkje lenger avhengige av å sleppe gjennom portvakta til dei tradisjonelle media for å delta i den offentlege debatten. Influensarar er med på å setje dagsorden og påverke samfunnsdebatten. Gjennom blogginnlegg og Instagram-postar blir det sett søkjelys på ulike saker, som til dømes psykiske lidingar og miljøspørsmål. Ein influensar kan nå mange med innlegga sine og har dermed makt til å påverke haldningen til mange menneske.

Influensarar med makt

  • Finn eksempel på influensarar som har sett viktige spørsmål på dagsorden og bidratt til samfunnsdebatten.
  • Kva påverknadskraft har desse influensarane?
Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2020