Kamerarørsler

Kva er ei kamerarørsle?
Noko av det som skil film frå foto, er mogelegheita for kamerarørsler. Rørsle i eit bilete kan skje både ved at kameraet er i rørsle, og ved at personar eller gjenstandar i biletet rører på seg.
Du bruker kamerarørsler som forteljeteknikk og vel kamerarørsler for å oppnå kontinuitet mellom biletsekvensar. Slik sørger du for at publikum lever seg inn i filmforteljinga.
Startbilete, kamerarørsle og sluttbilete
Kamerarørsler deler vi inn i tre fasar slik det blir demonstrert i filmen under (lengde 1:07).
Når vi skal følge ein karakter frå bilete til bilete, er det viktig at auget vårt oppfattar kvar i biletet personen er. Fartsretninga i biletet er derfor viktig for kontinuiteten i biletforteljinga. Hugs å få med ti sekund ekstra i starten og på slutten av kamerarørsla slik at det blir lettare å klippe i sekvensen.
Planlegg kamerarørsla på førehand. Ha klart for deg kvar kamerarørsla skal starte, og kvar ho skal stoppe.
Panorering
Panorering er å bevege kameralinsa horisontalt, ofte for å gi oversikt over ein situasjon eller for å følge ei rørsle.

Tilting
Tilting er å bevege kameralinsa vertikalt. Det blir til dømes brukt til å vise høgde eller til å avsløre eit fenomen.

Køyring
Køyring er når kameraet beveger seg framover, bakover eller til sidene. I profesjonell filmproduksjon blir kameraet køyrt med ein dolly.
Du treng ikkje nødvendigvis ein dolly for å gjennomføre køyringar. Ver kreativ! Lag din eigen dolly, eller fest kameraet på noko som rullar stødig, som til dømes eit rullebrett, ein sykkel eller ein kontorstol.

Zoom og kranskot
Zooming er eigentleg ikkje ei kamerarørsle og blir mest brukt som effekt. Bruker du zoom uten å planlegge det nøye, kan det bryte kontinuiteten i filmforteljinga fordi zoom kan opplevast som kunstig og mekanisk.
Kranskot er derimot ein type kamerarørsle. Her blir kameraet montert på den eine enden av ei kran. På den andre enden er det montert motvekter som gjer det mogleg å bevege kameraet fritt både horisontalt og vertikalt.
Handhalde kamera
Standarden når vi gjer videoopptak, er å bruke stativ, men handhalde kamera kan vere pratisk å bruke i mange samanhengar.
I filmen under (lengde 2:21) viser filmfotograf Daniel Almli korleis du unngår skjelving i videoopptaka dine.