Ittens sju fargekontrastar - Produksjon og historieforteljing (IM-IKM vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Ittens sju fargekontrastar

Å kjenne til korleis fargane påverkar kvarandre gjennom kontrastar, er viktig når du skal jobbe med fargar. Johannes Itten deler fargekontrastane inn i sju grupper. Desse har ulike eigenskapar. Ved å bruke dei bevisst kan du forsterke det uttrykket du ønskjer.
Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0

Kontrast i fargelære

Kontrast betyr motsetnad. Eit døme kan vere liten og stor. Fargekontrastar kan framheve og forsterke ei form. Auget vårt blir trekt mot dei stadene der kontrastane er størst.

Kontrastfargar kan skape liv og rørsle, alt etter korleis du set dei saman.


Skrive av Inger Gilje Sporaland og Albertine Aaberge. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 06.09.2022