Informasjonsformidling på nettsider - Produksjon og historieforteljing (IM-IKM vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Informasjonsformidling på nettsider

Alle bedrifter bør ha ei nettside. Ei nettside gjer at bedrifta kan fortelje om seg sjølv og varene eller tenestene sine på ein måte som dei sjølv har full kontroll over. Det er også nettsida som langt på veg avgjer om bedrifta er synleg på Google.

Grunnlaget

For å lage ei nettside treng bedrifta tre ting:

  • domene
  • webhotell
  • publiseringsplattform

Domene

Domenet er nettadressa til bedrifta, til dømes "skobutikken.no". Det er viktig at bedrifta prøver å få eit domene som sluttar på .no viss det er eit firma med norske kundar og informasjon på norsk. Er "skobutikken.no" allereie teken, kan alternativ til dømes vere "sko-butikken.no" eller "skobutikkenoslo.no". Engelskspråklege sider som rettar seg mot internasjonale publikum, bør ha ei nettadresse som sluttar på .com.

Webhotell

Webhotell er ein webserver der bedrifta kan lagre nettsida si slik at ho er tilgjengeleg på nettet. Ofte kjøper ei bedrift domene og webhotell av same firma. Slike bedrifter blir kalla registrarar eller nettvertar/webhosts.

Publiseringsplattform

Publiseringsplattforma gjer at bedrifta kan endre menypunkt, tekstar og anna innhald på nettsidene utan at dei må drive med koding. Det finst mange publiseringsplattformer, og prisane varierer frå gratis til mange millionar kroner. Den mest brukte publiseringsplattforma i verda heiter Wordpress og er gratis.

Når bedrifta har desse tre tinga på plass, kan dei lage utforming og innhald på nettsidene sine.

Utforming

Når bedriftene lagar designet på nettsidene sine, tenkjer dei både på kva kundane som kjem til nettsida, treng å finne, og på kva bedrifta sjølv har lyst til å formidle.

Viss det er ei nettside der brukarane skal gjere noko spesielt, til dømes bestille ei reise, er det viktig at sida er laga slik at dette er så enkelt som mogleg. Det betyr mellom anna at kunden kan starte bestillinga rett på framsida, og at det er lett å skjøne kva ein skal fylle ut og kor ein skal klikke. Å lage nettsider slik heiter interaksjonsdesign, og jo betre interaksjonsdesignet er på ei nettside, jo fleire bestillingar kjem inn.

Alt brukaren kan gjere på nettsida, blir kalla funksjonalitet, og det finst mange former for funksjonalitet som kan vere relevante på ei nettside. Nokre døme er

  • å bestille ein time
  • å kjøpe eit produkt
  • å bestille ein plass
  • å fylle ut eit skjema
  • å gjere ei berekning

I tillegg til funksjonalitet treng alle nettsider relevant informasjon. Noko av informasjonen om bedrifta som ein gjerne vil ha med på ei nettside, er

  • produkt og tenester
  • prisar og salsvilkår
  • historie og verdiar
  • kontaktinformasjon
  • eventuelt kven som er tilsette

For at kunden raskt skal finne fram til den informasjonen han leiter etter, er det viktig å ha gode og tydelege menyar og ein søkeboks som er lett å finne.

Er det snakk om ein nettbutikk, er det viktig at brukaren enkelt kan finne fram til relevante produkt. Ein tydeleg meny og ein søkeboks bidreg til dette. Har bedrifta mange produkt, er det også viktig å leggje opp til at kunden kan sortere produkta, til dømes etter storleik eller pris.

Å kome til syne i søk

Når kundar leiter etter varer og tenester på nett, søkjer dei ofte på Google. Det at nettsidene rangerer høgt på Google, er derfor viktig for alle bedrifter. Google finn informasjon på nettsidene i verda og lagar eit oversyn som brukaren får opp når han søkjer. Kva sider som kjem først i oversynet, kjem an på kven som har den mest relevante informasjonen ut frå det kunden søkjer etter.

Google vurderer relevans etter mange forskjellige kriterium. Det viktigaste er at innhaldet har informasjonen den som søkjer, leiter etter. I tillegg er det viktig at sidene er raske og mobilvenlege, og at dei ligg på ein sikker server, så nettadressa startar med https://.

Det finst også hundrevis av forskjellige andre kriterium som Google bruker. Det å jobbe med sidene slik at dei skal rangere godt på Google, har derfor vorte eit eige fagfelt. Dette heiter søkemotoroptimalisering eller SEO (Search Engine Optimization).

Tekstar

Tekstane på nettsida er sentrale både for å sikre å kome til syne på Google og for å gi brukaren den informasjonen han eller ho kjem for å få.

Det er veldig viktig at tekstane på nettsida er lette for brukarane å forstå. Nokre gonger er dei som skriv tekstane, fagfolk eller andre spesialistar, og dei kan ofte nytte eit språk som vanlege folk ikkje forstår. Då er det viktig at nokon omarbeider desse tekstane slik at dei blir forståelege for folk flest. Eit enkelt og forståeleg språk blir kalla klarspråk, og mange bedrifter jobbar bevisst for å få til dette.

Bilete og videoar

Ofte er det enklare å vise noko enn å forklare det. I så fall kan det vere lurt å bruke illustrasjonar, bilete og videoar på nettstaden.

Då må bedrifta også hugse at bilete med høg oppløysing er tunge å laste ned over nett og gjer at sidene blir saktare. Når det tek for lang tid å laste sidene, orkar ofte ikkje kunden å vente. I tillegg kan det gjere at sidene rangerer dårlegare på Google.

Bedrifta må derfor passe på at det ikkje blir for mange store, tunge bilete på ei side.

Bruker bedrifta video, bør dei ikkje starte før brukaren sjølv har klikka. Startar dei automatisk, gjer det også at det tek lengre tid å laste sidene, og mange brukarar tykkjer det er irriterande.

Skrive av Nina Furu. Rettshavar: Webgruppen AS
Sist fagleg oppdatert 10.12.2019