Oppgave
Korleis oppstår idéar?
Finn ut mer om korleis profesjonelle medieprodusenter arbeider med idéutvikling.
Søk på internett etter informasjon om korleis personar har fått fram idéar og utvikla nye løysingar for å formidle historier. Tips: Du kan bruke Google Omsetjar på engelskspråklege artiklar.
Søk etter personane i anten oppgåve a eller b.
- Kjell Aukrust og Ivo Caprino, som på kvar sitt vis bidrog til dokkefilmen Flåklypa Grand Prix
- regissør Torill Kove, som fekk Oscar i 2007 for animasjonsfilmen Den danske dikteren
Sjølv om idéutvikling skjer i alle yrke, er kanskje reklame- og mediebyrå blant dei arbeidsplassane som jobbar mest med grunnlag i profesjonell idéutvikling.
- Søk på nettet, og finn eitt eller fleire reklamebyrå.
- Kva står det på nettsidene om korleis byrået jobbar med idéutvikling og for å finne løysingar på behova til kundane?