Eigenvurdering for emnet ytringsfridom og ytringsansvar - Produksjon og historieforteljing (IM-IKM vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Egenvurdering

Eigenvurdering for emnet ytringsfridom og ytringsansvar

Kvifor er ytringsfridom ein føresetnad for demokratiet vårt, og kva utfordringar står ytringsfridommen overfor i samfunnet i dag? Vurder forståinga di av dette emnet.

Kva har du lært?

Gå gjennom desse punkta og få oversikt:

  • Eg veit at ytringsfridom er ein grunnleggande rett som handlar om å gi uttrykk for meiningane mine.
  • Eg kan drøfte grunnleggande problemstillingar knytte til ytringsfridom.
  • Eg kan bruke ytringsfridommen min på ein aktiv og ansvarleg måte. Eg veit kva ytringsansvar inneber.
  • Eg veit korleis eg kan ytre meg på ulike måtar, gjennom ulike kanalar.
  • Eg forstår at ytringsfridommen er eit overordna prinsipp i eit demokrati.
  • Eg veit at nokre ytringar er ulovlege og straffbare.
  • Eg har lært at uformelle normer og reglar kan avgrense ytringsfridommen.
  • Eg veit kvifor hatefulle ytringar kan vere ei utfordring for demokratiet vårt.

fagomgrep

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2020