Dei gløymde kvinnelege datapionerane - Produksjon og historieforteljing (IM-IKM vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Dei gløymde kvinnelege datapionerane

Det finst ei historie om dei første elektroniske datamaskinene som sjeldan blir fortald.

IT-bransjen har få kvinner

IT og digitalisering gjeld oss alle. Vi møter digitaliserte produkt og tenester både på jobb og på fritida. IT skaper og formar tallause sider av kvardagen vår. I vesten er det i stor grad menn som skaper teknologien, og det er flest menn som studerer IT.

I vestlege land vi ofte samanliknar oss med, som USA og Storbritannia, er det ei utbreidd oppfatning at programmering er eit område for menn. Dermed blir den låge kvinnedelen i IT langt på veg noko vi ikkje stiller spørsmål ved, men snarare godtek fordi vi er vande til at det er slik. Det som derimot er lite kjent, er at også kvinner har hatt ei stordomstid innan programmering.

Tenk over

Kva tenker du om ein kvinneleg programmerar? Er det rart? Kvifor? Kvifor ikkje?

Den gløymde pionertida

Ser vi bakover i tid, finst det altså ei heilt anna forteljing om kvinner og teknologi. Forteljinga startar med Ada Lovelace, dotter av den britiske poeten Lord Byron. Ho har seinare blitt kalla "mor til programmeringa" for det nære samarbeidet ho hadde med den britiske vitskapsmannen Charles Babbage.

Den analytiske maskina

Babbages store prosjekt handla om å utvikle ei "analytisk maskin" som skulle kunne utføre alle slags matematiske utrekningar. Maskina, som var ein teoretisk forløpar for den moderne datamaskina, vart aldri bygd i Babbages tid, men sjølve designet vart presentert i ein artikkel av ein italiensk vitskapsmann i 1842.

Lovelace, som igjennom vennskapen med Babbage hadde blitt ein ekspert på denne maskina, omsette artikkelen til engelsk. Samtidig la ho til sine eigne kommentarar, der ho beskreiv korleis maskina kunne utføre mange ulike operasjonar, og ho beskreiv element som seinare vart sentrale for dataprogrammering.

Inspirert av "the Jacquard loom" – ei av dei store oppfinningane i den industrielle revolusjonen, som brukte holkort for å veve avanserte mønster – skulle også den "analytiske maskina" få instruksjonane sine frå holkort som vart mata inn i maskina.

Babbage såg kanskje først og fremst på den analytiske maskina som ein avansert kalkulator, medan Ada Lovelace såg litt meir i maskina. Og det var dette ho beskreiv i notane til omsetjinga, der ho forklarte med ei likning at den analytiske maskina kunne veve algebraiske mønster, på same måte som "the Jacquard loom" kunne veve blomstrar og blad.

Dei hemmelege menneske-maskinene

Før 1945 betydde ordet "computer" eit menneske som gjorde matematiske utrekningar. Dei fleste av desse var kvinner. Sider ved militærhistoria som lenge var hemmelegstempla, har etter kvart blitt kjende.

Frå krigsarkiva har det dukka opp historier om kvinner som knekte kodar ved det hemmelege anlegget Bletchley Park i England. Her hadde også kvinner sentrale oppgåver med å styre maskinene som hjelpte til i dette arbeidet.

Også i USA var kvinner involverte i den tidlegare datahistoria. Seks amerikanske kvinner – også dei matematikarar og "human computers" – fekk ein heilt spesiell jobb då andre verdskrigen var på hell. Kvinnene skulle programmere verdas første elektroniske og programmerbare datamaskin, ENIAC. Dette var eit banebrytande arbeid som kravde kløkt og evne til å halde ut. Ingen hadde tidlegare programmert ei datamaskin, og det fanst verken bruksrettleiing eller lærebok.

Den einaste hjelpa kvinnene hadde tilgang på, var ei oversikt over kretsane i maskina – elles måtte dei sjølve finne ut korleis dei skulle programmere ho ved å flytte på leidningar og slå av og på brytarar. Fordi ingen nokon gong hadde utført eit slikt arbeid, var det heller ingen som visste kva det innebar. I intervjuet til jobben fekk dei derfor spørsmål som: "Er du redd for elektrisitet?"

Oppdraget var ikkje assosiert med menn, og vart heller ikkje oppfatta som prestisjefylt – det verka berre som ein kontorjobb eigna for erfarne human computers.

Klipte bort

Då den flotte datamaskina seinare vart feira, var ingen av kvinnene inviterte. Og etter krigen, då det amerikanske militæret brukte eit bilete av maskina for å rekruttere, vart kvinnene fysisk klipte ut av fotografiet. Sidan vart dei gløymde.

Då den amerikanske historikaren Kathy Kleiman studerte ved Harvard på 1980-talet, kom ho over gamle fotografi av kvinnene som programmerte ENIAC. Men då ho spurde ein datahistorikar kven dei var, fekk ho til svar at dei berre var plasserte der for å få maskina til å sjå bra ut.

I Storbritannia var det mange av kvinnene som hadde arbeidd med kodeknekking og dei tidlege datamaskinene, som ikkje fekk halde fram i jobbane sine etter krigen, særleg ikkje dersom dei gifta seg. Forskarar meiner dette bidrog til å svekke den britiske dataindustrien i tiåra etter krigen.

Balansen blir endra

Det tok fleire tiår før forteljingar om den tidlege innsatsen til kvinnene som kodeknekkarar og programmerarar vart avdekte og kjende. I mellomtida festa det seg gradvis nye førestillingar om kjønn og programmering i vår del av verda. Sidan 1980- og 90-talet har det vakse fram stereotypiar som assosierer programmering med gutar og menn.

Tenk over

Land som India og Malaysia rekrutterer mange fleire jenter til IT-utdanning og kan dyrke fram dyktige IT-folk av begge kjønn.

  • Kvifor er det så få jenter som studerer eller jobbar med programmering her i Noreg?

  • Kva skal til for å rekruttere fleire jenter til IT-studium i Noreg?

Stereotypiar kan utfordrast

Forsking har vist at førestillingar om kven som passar til å jobbe med IT og programmering, betyr mykje for kva utdanningsval jenter og gutar gjer. Kjønna stereotypiar knytte til IT har faktisk mykje å seie for korleis jenter og gutar gir uttrykk for interesse i IT, og minst like mykje for korleis andre oppfattar jenter si interesse.

Ei rekke forsøk har vist at når jenter møter kvinnelege lærarar i IT, blir dei meir motiverte og får betre resultat. Og når IT-ekspertar blir presenterte som utypiske, altså ulike dei stereotypiske førestillingane som koplar IT-ekspertar til menn, uttrykker også jenter i større grad interesse for IT. Stereotypiar kan altså utfordrast ved at vi bryt fordommar og framhevar rollemodellar som er annleis.

Denne artikkelen vart publisert første gong hos Faktafyk.

Vil du vite meir?

Sjå dokumentaren Top Secret Rosies The Female Computer of WWII Dokumentary (1 t 30 min).

Kjelder

Abbate, J. (2012). Recoding Gender. Women's Changing Participation in Computing. MIT Press.

Corneliussen, H..Corneliussen, H.. & Tveranger, F. (2018). Programming in Secondary Schools in Norway – a Wasted Opportunity for Inclusion. Proceedings of Gender&IT'18. Heilbronn, Germany, May 2018 (Gender&IT'18). ACM.

Essinger, J. (2014). A Female Genius: How Ada Lovelace, Lord Byron's Daughter, Started the Computer Age. Gibson Square.

Hicks, M. (2017). Programmed inequality: How Britain discarded women technologists and lóst its edge in computing. MIDD Press.

Skrive av Hilde Corneliussen. Rettshavar: Les!
Sist fagleg oppdatert 11.01.2023