Dagsorden og representasjon - Produksjon og historieforteljing (IM-IKM vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Dagsorden og representasjon

Media er med på å bestemme kva saker publikum blir oppteke av. Gjennom dagsordenfunksjonen har media stor innverknad på samfunnet vårt. I denne oppgåva skal du undersøkje kva saker som er på dagsordenen, og kva kjelder som slepper til i media.

Gå inn på tre ulike nettaviser og svar på spørsmåla

A: Dagsorden

  • Kva er dagens store nyheitssaker?
  • Kvifor trur du desse sakene er sette på dagsordenen?
  • Kva for nokre av desse sakene synest du er mest interessant? Grunngi svaret ditt.

B: Representasjon

  • Kva stoffområde får mest plass – politikk, økonomi, helse eller kultur?
  • Kven blir brukt som intervjuobjekt i dei ulike sakene?
  • Pressa har eit spesielt ansvar for at ulike syn kjem til uttrykk. Synest du dagens nyheitsbilete ber preg av dette? Grunngi svaret ditt.
  • Nokre grupper slepper sjeldan til i media. Kva konsekvensar kan det ha for demokratiet vårt?
  • Barn og ungdom er eksempel på grupper som sjeldan slepper til som kjelder i media. Finn du eksempel på saker der barn og ungdom får ytre seg?



Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 12.02.2020