Bruk av QR-kodar i undervisninga - Produksjon og historieforteljing (IM-IKM vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Bruk av QR-kodar i undervisninga

Bruk av QR i undervisninga gjer det mogleg å jobbe med læring utanfor klasserommet. Det støttar engasjerande og elevaktiv undervisning og kan bidra til friare og spontant læringsarbeid hos elevane.

Ein skanna gir elevane tilgang til eit bestemt nettinnhald. Det kan vere ei nettside, ein video, bilete eller ein PDF. QR-kodane gjer det mogleg å forlate klasserommet og likevel ha tilgang til læringsressursar. Elevane bruker mobil og nettilgang.

Kva vi kan bruke QR-kodar til

I undervisninga kan vi bruke QR-kodar for å dele fagartiklar, definisjonar og forklaringar. Vi kan lenke til relevante nettsider. Utdanningsprogram med spesialutstyr kan bruke QR-kodar til deling av brukarrettleiingar, opplæringsvideoar og bookingsystem.

Vi kan dele skjema med oppgåver og innsamling av informasjon. Det kan vere undervisningsopplegg med tekstutdrag, korte videoar og bilete sette i samanheng med oppgåver som elevar svarer på med tekst eller avkryssing.

Lærarar og skulen kan òg bruke QR-kodar til skjema administrativt for å samle inn informasjon.

Skulen kan i tillegg bruke QR-kodar for dele nyttig informasjon som å dele lenke til nettsidene til skulen, lenke til skulereglementet, lenke til rettane til elevane eller vise opningstider i kantina og på biblioteket.

Stasjonsarbeid med QR

I stasjonsarbeid med QR-kodar skal eleven gjennom ei rekke postar/stasjonar og løyse oppgåver ved hjelp av å skanne QR-kodar. La det vere tydeleg kva elevane skal gjere på dei ulike postane, og korleis dei skal bruke QR-innhaldet.

QR-tips
  • Ikkje lag for stor QR-kode. Ein QR-kode på storleik med ei A4-side er vanskeleg å skanne.

  • Skriv tittel eller lenke til koden ved sida av koden, slik at elevane veit kva som skjuler seg bak han.

  • Bruk gode kontrastar i koden slik at det er lett å sjå at det er ein kode.

Døme på gjennomføring av stasjonsarbeid med QR-kodar

Lag fem postar og del elevane inn i fem grupper. Lag tydelege og nummererte postar slik at elevane veit kvar postane er, og kva post dei er på.

Elevane startar på kvar sin post og går til neste post når tida på ein post er ute. Læraren set på alarm for å halde tida. Berekn fem minutt oppstart av timen og eitt minutt for å byte mellom postane.

Lag gjerne støtteark med to kolonnar som gir oversikt over dei ulike postane. Kolonnen til venstre har informasjon om tittel og innhald, til dømes relevante stikkord, kort tekst, bilete eller illustrasjon. Kolonnen til høgre blir brukt til notat.

Du kan òg få elevane til å lage postar til kvarandre. Det kan passe til repetisjonsarbeid. Ta ein kvalitetssjekk før postane til elevane blir teke i bruk!

Tips og råd til postar i stasjonsarbeid med QR

Tekstversjon tips og råd QR-postar
  • Postane er nummererte med eit tydeleg nummer.

  • Unngå å lage store QR-kodar, det gjer det vanskeleg å skanne dei. 

  • Postane må ha titlar som passar til innhaldet.

  • Gi informasjon om innhaldet, som innhaldstype, nettstad/kjelde og varigheit på lyd- og videoklipp.

  • Lag kort og tydeleg instruks til postane slik at elevane veit kva dei skal gjere på postane.

  • Ved bruk av lyd- og videoinnhald må posten vere ein stad der lyden kan spelast av, eller så må elevane ha høyretelefonar. Vel korte klipp som lastar lett. Informer om varigheit på lyd- og videoklipp og om kjelde.

  • De kan samle inn svar i skjemaverktøy eller samskrivingsverktøy. Vel avkryssingsoppgåver og/eller tekstoppgåver. Ikkje lag for store skjema.

  • Elevane kan sjå og lese innhald i sitt eige tempo og forstørre tekst ved behov når dei bruker kvar sin mobil. Ein post kan ha fleire QR-kodar.

  • Elevane kan få støtteark med alle postane. Her kan elevane notere fortløpande. 

Døme på undervisningsopplegg med QR-kodar

NDLA har utvikla fleire undervisningsopplegg med QR-kodar:

Malar for QR-stasjonar

Du kan bruke desse malane som utgangspunkt for å lage eit eige stasjonsundervisningsopplegg med QR-kodar.

Relatert innhald

Fagstoff
Del informasjon med QR-kodar

QR-kodar let oss effektivt og enkelt dele og opne nettinnhald med mobilen. Lær tips og triks og kom i gang med QR-kodar!

Skrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2022