Bli kjend med kameraet - Produksjon og historieforteljing (IM-IKM vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Øvelse

Bli kjend med kameraet

Del dykk inn i grupper på tre–fire elevar. Finn fram det de måtte ha av videokamera og spegelreflekskamera, og bli kjend med dei.

Øvingsoppgåve

  • Finst det ND-filter på kameraet?
  • Korleis justerer du blendaren og kvitbalansen på det utstyret du har tilgjengeleg?
  • Korleis ser biletet ut om du har høg ISO-verdi? Test dei ulike innstillingane.

Gjer deretter eit prøveopptak med kameraet. Har de tilgang til ulike typar kamera, lèt de dei gå på rundgang.

  • Still inn kameraet på opptaksformatet full HD, progressivt, med 25 bilete per sekund (altså 1080p25), og gjer eit opptak på ca. 5 sekund.
  • Diskuter resultatet i gruppa. Kva fungerte bra? Kva gjorde de feil?
Skrive av Martin Aune Walther.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2018