Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Oppgåvebank

Oppgåve

Vinkel

I dette arbeidsoppdraget skal du lage eit verktøy vi kallar vinkel.

Kva er ein vinkel?

Ein vinkel er eit verktøy der vinkelen mellom dei to beina er akkurat 90 gradar. Det finst òg vinklar som er justerbare, der beina kan flyttast til ønskt vinkel.

Innan industrien blir vinkelen mest brukt til måling og merking og til montering og installasjon.

Kan du lage din eigen?

Å lage eit vinkelverktøy i metall krev presisjon og gode materiale.

Først må du velje rett metall – stål er sterkt og kan herdast for auka haldbarheit, mens aluminium er lettare, men ikkje like slitesterkt.

For at vinkelen skal bli nøyaktig, må både kantar og overflater tilarbeidast med presisjon. Bruk maskiner som fres eller planslipar, og sjekk jamleg med eit måleverktøy som ein maskinistvinkel for å sikre at alt stemmer. Glatte flatar og rette vinklar er avgjerande.

Du kan òg verne verktøyet mot rust og slitasje ved å herde metallet eller bruke ei overflatebehandling som galvanisering. Til slutt bør du slipe bort skarpe kantar for sikkerheit, og du bør teste verktøyet på eit prøvearbeid for å sikre at det fungerer som det skal.

Viktige punkt å hugse

  1. Vel rett materiale: stål for styrke, aluminium for låg vekt.

  2. Ver nøyaktig: Bruk fres, planslipar og presisjonsmåleverktøy.

  3. Hugs overflatebehandling: herding, galvanisering eller anodisering for haldbarheit og rustvern.

  4. Fjern skarpe kantar for sikkerheit og betre brukarvennlegheit.

  5. Test verktøyet: Kontroller nøyaktigheit og stabilitet før bruk.

Arbeidsteikning og 3D-teikning

Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjon.

I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formata F3D og STEP.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 02.01.2024