Oppgåve
Vegghengt hammarstativ
Å ha orden i verktøyet er veldig viktig viss du skal kunne jobbe effektivt. Her får du eit forslag til eit oppheng for hamrar.

Vegghengt hammarstativ med hamrar. Klarer du å lage denne?
Hammarstativ
Viss verktøyet ikkje blir oppbevart trygt og oversiktleg, kan det føre til både uønskt slitasje og at du bruker unødvendig tid på å leite etter verktøy som ikkje har ein fast plass.
I dette prosjektet skal du lage eit oppheng der du kan plassere hamrane dine.
Viss du har fleire eller færre hamrar, kan du godt modifisere teikningane slik at dei passar til behovet ditt. Kanskje du òg må forandre på hola der hamrane blir plassert, viss du har hamrar med spesielle storleikar eller utforming?
Kva fargar vel du?
Lykke til!

Dette stativet kan du henge på ein vegg og plassere alle hamrane dine i.