Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Oppgåvebank

Oppgåve

Tvinge

Ei tvinge er eit nyttig verktøy for å halde to komponentar saman, til dømes når du skal sveise eller jobbe med ei anna samanføying. Klarer du å lage di eiga tvinge?

Kva er ei tvinge?

Ei tvinge er eit verktøy til å klemme saman to komponentar. Ho har ein justeringsskrue der du kan stramme eller losne.

Denne typen tvinger er justerbare, ved at braketten som skruen sit i, er flyttbar på sjølve tvingestammen.

Når du strammar tvinga, vil braketten låse seg i den stillinga han står i, ved at det blir eit press på dei innvendige materialveggene.

Lag di eiga tvinge

Hugs HMS. Sjå eigne ressursar om maskinene. Aktuelle maskiner til dette oppdraget kan vere:

Arbeidsteikning og 3D-teikning

Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjon.

I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formatet F3D

Refleksjon

Denne tvinga kan lagast i mange ulik storleikar. Klarer du å teikne ei tvinge i ein annan storleik i CAD-programmet?

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 29.02.2024