Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Oppgåvebank

Oppgåve

Skålavdragar

Ein skålavdragar blir nytta som eit tilleggsverktøy på ein toarma tersj. Skålavdragaren har ei tynn overflate som blir klemd inn under lagerbanane, slik at tersjen får eit godt feste. Klarer du å lage din eigen?

Kva er ein skålavdragar?

Når du høyrer namnet skålavdragar, tenker du kanskje på eit verktøy for å dra av skåler? Dette er jo nesten rett, for det er lagerskåler vi ønsker å demontere.

Skålavdragaren er bygd opp med to halvmåneforma plater, òg kalla skåler, som har spisse og koniske anleggsflatar som glir godt inn under ei lagerskål. Desse halvmånane blir klemde saman ved hjelp av skruar på kvar side.

Skålavdragaren har òg to gjenga hol for montering av armane på ein toarma tersj, til dømes kuleavdragaren vår.

Skålavdragarar blir nytta særleg viss det er lager som har havarert, eller når det er umogeleg å få eit godt grep med vanlege armar på ein tersj.

Lag din eigen skålavdragar

Når du skal lage ein slik skålavdragar, er det viktig at du lagar ein god arbeidsplan, gjennomfører ei risikovurdering knytt til dei maskinene du skal bruke, og varetek HMS.

Det er òg viktig at du har dokumentert sikkerheitsopplæring for dei maskinene du skal nytte. Sjå eigne ressursar om maskinene.

Maskiner til dette oppdraget kan vere:

Arbeidsteikning og 3D-teikning

Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjon.

I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formatet F3D.

Refleksjon

Når du skal lage ein slik skålavdragar, er det viktig at du vel eit eigna materiale. Når du nyttar dette verktøyet saman med ein toarma tersj, kan skålavdragaren bli utsett for store krefter.

Trur du det her er aktuelt å ha eit hardt, herda materiale eller eit seigt materiale? Kva kan skje viss du vel eit materiale som ikkje er eigna?

Relatert innhald

Kuleavdragar

Ein kuleavdragar er ein tersj der gripeklørne er bytte ut med ein kuleforma festemekanisme. Korleis blir ein slik avdragar laga?

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 14.02.2024