Rissenål med vernehette

Kva er ei rissenål?
Ei rissenål er eit grunnleggande verktøy i metalltilarbeiding. Vi bruker ho til å teikne presise linjer på harde overflater med. Med den skarpe spissen lagar rissenåla tydelege merke som fungerer som guidar under kutting, boring eller forming.
Men for at rissenåla skal fungere optimalt og vare lenge, har val av materiale og eventuell varmebehandling mykje å seie.
Materialval for rissenål
Sjølve spissen i rissenåla må vere laga av eit materiale som er hardare enn overflata som skal merkast. Dette sikrar at ho kan lage klare og haldbare linjer utan å bli sliten ned.
Materiala som spissen står i, kan sjølvsagt vere produserte i andre materiale.
I dømet vårt er berre tuppen laga i eit hardt materiale, og lokket vernar den spisse tuppen frå å knekke, og du kan ha rissepennen i lomma utan å stikke deg sjølv i låret. Spissen måler 3 mm i diameter. Som materiale kan du bruke tonga til eit knekt bor eller fres, eller ein tungsten-elektrode.
Handtaket og hetta kan du dreie frå valfritt materiale, og o-ringsporet dreier du til slik at hetta sit sånn passe hardt over o-ringen. Det kan vere greitt å farge hetta i ein knæsj farge så du ikkje rotar ho bort så lett.
Her er nokre vanlege materialval for sjølve spissen i rissenåla:
Høgkvalitets karbonstål
Karbonstål er populært fordi det kan herdast for å bli svært hardt. Det gir ei rissenål med lang levetid og ein spiss som held seg skarp.
HSS (High-speed Steel)
Dette blir ofte brukt i rissenåler på grunn av kombinasjonen av hardleik og slitestyrke. HSS toler òg varme godt, noko som er nyttig viss rissenåla blir brukt på oppvarma materiale.
Tungstenkarbid
Dette er eit av dei hardaste materiala som blir brukte i rissenåler. Tungstenkarbid er svært slitesterkt og ideelt for bruk på spesielt harde materiale, som herda stål eller keramikk.
Varmebehandling for optimal yting
Vi kan varmebehandle materialet for å forbetre eigenskapane til rissenåla. Her er nokre vanlege varmebehandlingsprosessar:
Herding
Karbonstål og andre herdbare metall blir varmebehandla ved høg temperatur og deretter avkjølte raskt, ofte i olje eller vatn. Dette aukar hardleiken til materialet og gjer spissen motstandsdyktig mot slitasje.
Anløping
Etter herding kan vi anløpe stålet for at det skal bli mindre sprøtt. Dette gjer rissenåla meir motstandsdyktig mot brot utan at ho mister for mykje hardleik.
Overflatebehandling
For å verne rissenåla mot rust kan ho overflatebehandlast med oksidering eller bli få eit vernande belegg, som krom eller titanbelegg.
Lag di eiga rissenål
Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjon.
I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formatet F3D.
Lykke til!