Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Oppgåvebank

Oppgåve

Rakettomn

I dette arbeidsoppdraget skal du lage ein liten omn til utandørs bruk. Kjekt å ha, og slett ikkje vanskeleg å lage!

Kva er ein rakettomn?

Ein rakettomn er ein hendig liten omn til utandørsbruk. Han brenner drivstoffet (veden) svært effektivt fordi han har veldig høg forbrenningstemperatur og god oksygentilførsel.

Når veden blir varma opp, blir det frigjort flyktige organiske sambindingar (VOC-ar) i form av gassar. Dess høgare temperatur, dess større gassmengde som blir frigjord og kan brenne. Denne prosessen kan skape ein "sugande" luftstraum gjennom omnen som lagar ein karakteristisk brummande eller susande lyd, litt som ein rakettmotor i aksjon.

Ordet rocket blir på engelsk òg brukt som for noko som er innovativt, raskt eller effektivt. Rakettomnen er ei enkel, men ganske genial oppfinning som gir maksimal varme frå minimale ressursar, og dette kan ha bidratt til namngivinga.

Form og design

Rakettomnar har vanlegvis eit L- eller J-forma røyr som forbrenningskammer og skorstein. Dette designet tvingar lufta gjennom forbrenningskammeret i høg fart, noko som gir auka temperatur og forbrenningseffektivitet, omtrent som i eksosrøyret til ein rakettmotor der gassane blir kanaliserte for å skape framdrift.

Høg varme og flammekonsentrasjon

Rakettomnar oppnår svært høge temperaturar med lite drivstoff. Det gir eit kraftig og konsentrert flammebilete som kan minne om flammane frå ein rakett.

Lag din eigen rakettomn

For å lage ein slik rakettomn treng du materiale, ei bandsag, ei boremaskin og eit sveiseapparat.

Viss du vil gi omnen ein god finish, kan du i tillegg bruke vinkelslipar eller benkslipar og slipe kantar og sveis. Du kan òg frese eller dreie nokre av komponentane viss du ikkje har korrekt dimensjon i materialreolen.

Sikker bruk av maskiner

Maskiner til dette oppdraget kan vere søyleboremaskin, fres, dreiebenk, bandsag/kaldsag og vinkelslipar. Treng du å friske opp det du har lært om sikker bruk av maskinene? Desse korte filmane hjelper deg!

Arbeidsteikning og 3D-teikning

Her kan du laste ned ferdig arbeidsteikning til rakettomn i PDF-format, og dessutan 3D-CAD-filer i STEP- og F3D-format som du kan opne i dataprogrammet ditt og endre og tilpasse. Vi har laga to versjonar av denne omnen, liten og stor. Du vel sjølv kva type du vil lage.

Liten omn


Stor omn

Refleksjon

  • I dette læringsoppdraget har vi presentert to døme på korleis ein rakettomn kan vere utforma. Har du andre forslag?

  • Kva materiale er best eigna til dei ulike delane av omnen?

Relatert innhald

Filmsamling: Rakettomn

I denne filmserien lærer du saging og sveising ved å produsere ein rakettomn. Tek du utfordringa?

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 26.09.2023