Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Oppgåvebank

Oppgåve

Rakettomn – stor

Ein utandørs omn kan vere fin å ha for å varme seg eller koke eit enkelt måltid på. Her får du teikningar for å lage din eigen utandørs rakettomn.

Stor rakettomn

For å lage din eigen rakettomn må du meistre både skjering og sveising av metall.

Denne rakettomnen skal lagast av firkantstål og vanleg platemetall. Hugs alltid å følge HMS-reglane, og at du må ha dokumentert sikkerheitsopplæring for å bruke dei ulike verktøya.

Hugs at dette er ein vedomn som kan utvikle mykje varme, så vel derfor materiale som toler varme.

Før du bruker omnen, må du vere sikker på at han står støtt og ikkje kan velte.

Se òg filmserien vår om produksjon av rakettomnen.

Filer

Her kan du laste ned ei ferdig arbeidsteikning til rakettomnen i PDF-format og 3D CAD-filer i STEP- og F3D-format. Desse kan du opne i dataprogrammet ditt og gjere dine eigne endringar og tilpassingar i.

Relatert innhald

Innleiing

Sveis din eigen rakettomn, eit enkelt og nyttig prosjekt der du kan prøve deg fram med grunnleggande sveiseteknikkar.

Filmsamling: Rakettomn

I denne filmserien lærer du saging og sveising ved å produsere ein rakettomn. Tek du utfordringa?

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 07.01.2025